Kronos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kronos (som Saturn) et ein av ungane sine i måleriet Saturno devorando a su hijo (1821-1823) av Francisco Goya.

Kronos er namnet på ein av titanane i gresk gudelære. Namnet hans liknar på det til Chronos, personleggjeringa av tida, men dei to er ikkje den same. Kronos svara til Saturn i romersk gudelære. Han høyrde til den første generasjonen av titanane, og somme myter seier at han var den yngste av dei.

Grekarane dyrka Kronos som ein gud for korn, natur, jordbruk og grøde. Han blei gjerne avbilda med ein sigd i handa, både fordi han var grødegud og av di han brukte sigden som våpen. Festivalen Kronia blei halden i Aten den tolvte dagen av kvar månad (hekatombaion) til ære for Kronos og grøda.

Liv og gjerningar[endre | endre wikiteksten]

På oppfordring frå mora Gaia – Jorda – tok Kronos på seg å gjera opprør mot faren Uranos – Himmelen – som hadde sperra nokre av dei mange barna deira inne i Tartaros. Med ein sigd som mor si hadde gjeve han, sprang Kronos på far sin og drap eller lemlesta han ved å skjera av han testiklane. Uranos forbanna han og sa at for ugjerninga si skulle Kronos møta same skjebnen.

Ei anna forklaring på korleis han kom til makta seier at Kronos nedkjempa den vonde slangetitanen Ophion. Etter at han hadde frigjort verda frå denne tyrannen vart han ein rettvis konge over henne.

Kronos blei i alle fall herskaren over jorda, og han tok syster si Rhea til dronning. Regjeringstida til Kronos blei kalla gullalderen, ettersom alle levde i fred utan å trenga lovar eller reglar.

Etterkomarar[endre | endre wikiteksten]

Tida var likevel ikkje like god for alle. Kronos sperra inne dei yngste barna til Gaia – dei hundrearma kjempene, gigantane og kyklopane – igjen, og sette monsteret Kampe til å vakta dei. I tillegg prøvde han å unngå spådommen til Uranos om at ein av sønene hans ville drepa han. Etter kvart som Rhea fekk born, svelgde han dei heile. Hestia, Demeter, Hera, Hades og Poseidon forsvann på dette viset. Men då Rhea venta Zevs, hadde ho fått nok. Ho gøymde det nyfødde barnet og fekk Kronos til å svelgje ein stein istaden.

Zevs voks så opp og gjorde akkurat som spådommen hadde sagt. Han frelste syskena sine anten ved å tvinga faren til å spytta dei ut igjen, eller ved å skjera opp magen hans og redda dei ut den vegen. Han sette òg fri dei yngste borna til Gaia, og som takk fekk han tore og lyn av dei, som blei våpna hans. I ein stor krig mot mange av titanane vann så Zevs og syskena herredømet over verda. Kronos og titanane sperra dei inne i Tartaros – og kyklopane og gigantane blei igjen sett i fangenskap.

I tillegg til borna med Rhea fekk Kronos Pothos (attrå) med Afrodite og kentauren Cheiron med Phylyra.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Både grekarane og seinare forskarar har sett ein samanheng mellom dyrkinga av Kronos før Zevs-dyrkinga blei populær, og kulten rundt den semittiske guden Ba'al Hammon. Mellom anna kjem myta om barnesluking til Kronos frå denne tidlegare tida, og Ba'al Hammon blei av og til dyrka gjennom barneoffer.