Hefaistos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hefaistos gjev Akilles si rustning til Thetis. Gresk vase frå 490–480 f.Kr.

Hefaistos er guddommeleg meistersmed og gud for smier og metallarbeid, eld og vulkanar i gamal gresk mytologi. Symbola hans er sleggje, ambolt og tenger, i nokre høve også ei øks. Han er særleg knytt til øya Límnos, som var senteret for kultdyrkinga hans og staden der smia hans skal ha vore.

Hefaistos var son av gudeherskarane Zevs og Hera, i nokre soger berre av Hera. Han skal ha blitt kasta ned frå Olympos av Hera eller Zevs, anten fordi han var stygg eller halt, eller fordi han ville hjelpa bundne Hera. I soger der han ikkje var fødd halt, blei han det som følgje av fallet. Hefaistos landa anten på Límnos, der ein handverksmeister tok han til seg og lærte han opp, eller i havet, der okeanidane Thetis og Eurynome tok seg av han. Til slutt blei han motvillig henta tilbake til Olympos av Dionysos.

I dei fleste overleveringane er Hefaistos gift med kjærleiksgudinna Afrodite, som stadig bedreg han.

Den romerske guden som tilsvarte Hefaistos var Vulkan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hefaistos
Spire Denne religionsartikkelen som har med Hellas å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.