Herne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herne
Hoheward view southeast.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Herne
Herne is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Arnsberg
Kreisfri by
Grunnlagd 1862
Geografi
Flatevidd
 - By

51,41 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

165 355
  3 326/km²
Koordinatar 51°33′0″N 7°13′0″EKoordinatar: 51°33′0″N 7°13′0″E
Høgd over havet 65 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 44601-44653
Telefon-retningsnummer 02323, 02325
Bilnummer HER
Heimeside: www.herne.de

Herne er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 165 000 innbyggjarar. Byen ligg i Ruhrområdet ved elva Emscher midt mellom byane Bochum og Gelsenkirchen.

Som dei fleste andre byar i området var Herne ein liten landsby fram til 1800-talet. Då kolbrytinga og produksjon av stål oppstod i området vart landsbyane i Ruhr-området byar.

Herne i dag inneheld dei tidlegare separate busetnadane Herne, Wanne og Eickel. Gardane med desse namna vart grunnlagd på 1000- og 1100-talet. I 1860 opna den første kolgruva, og dei neste tjue åra vart folketalet tjuedobla og Herne vart ein by. Den same utviklinga hadde Wanne og Eickel, som i 1926 vart slått saman til den nye byen Wanne-Eickel. I 1975 vart Wanne-Eickel, som då var ein by med over 70 000 innbyggjarar, slått saman med Herne.

Det vert halde eit marknad kalla Cranger Kirmes i bydelen Crange kvart år i august. Det er det tredje største marknaden i Tyskland med om lag 3,5 millionar vitjande. Ein kan spore dette markedet tilbake til 1400-talet då bønder starta å handle hestar.

Av kjende personar frå byen finn ein Jürgen von Manger, Kurt Edelhagen, Jürgen Marcus, Heinz Rühmann, Tana Schanzara og Jan Zweyer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Herne

Kjelder[endre | endre wikiteksten]