Hestekraft
Hestekraft er ei eining for effekt, men det er ikkje ei SI-eining.
Det var Thomas Savery som fyrst nytta omgrepet hestekrefter, men det var James Watt som definerte eininga ved at han eksperimentelt fastslo at ein hest som da blei nytta i dei engelske gruvene gjennomsnittleg var i stand til å heise ei last på 33 000 pund ein fot opp i løpet av eitt minutt. Dette tilsvarar ca 75 kg ein meter opp på eitt sekund. Denne eininga blei så nytta ved utrekning av kor mange hestar ein dampmaskin kunne erstatte.
Ein sekshestekrefters dampmaskin kunne dermed erstatte seks hestar. Ein har i ettertid funne at få hestar er i stand til å levere så mye som ein hestekraft over tid slik at dampmaskinene til James Watt faktisk erstatta fleire hestar enn det blei lova.
Hestekrefter blir i dag stort sett bare brukte av historiske grunnar, til dømes til å gje effekten av motor i særleg bilar, og er i ferd med å fasast ut til fordel for kilowatt. Ein tommelfingerregel for konvertering er at 1 hk er ¾ kW.
I vitskapleg samanheng bruker ein måleeiningar i SI-systemet der watt er gitt som måleeining for effekt.