Thomas Savery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Savery.

Thomas Savery (16501715) var ein engelsk ingeniør og militær kaptein, som eksperimenterte med mekaniske innretningar på fritida. Han er kjent for å ha utvikla ei dampdriva pumpe for å pumpa vatn ut or gruver.

Tidlege oppfinningar[endre | endre wikiteksten]

I 1702 fekk han patent på ei poleringsmaskin for glas og marmor og på ei innretning for å driva ein båt med skovelhjul. Skovelhjula var av same type som på dei seinare hjuldamparane, men den patenterte metoden nytta gangspel for å driva dei. Han synte dei til marinen, med dei var ikkje interesserte.

Dampdriven pumpe[endre | endre wikiteksten]

Damppumpa til Savery.
Skisse av pumpa til Savery.

Den 14. juni 1699 demonstrerte han ei dampdriven pumpe for Royal Society og den 2. juli 1698 fekk han patent på ho. Patentet hadde korkje illustrasjonar eller ein skildring av maskina, men i ei bok [1] han gav ut i 1702 beskreiv han maskina. Ho hadde ein kjele som genererte damp og ein pumpekjele. Ho arbeide ved at dampen vart sleppt inn i pumpekjelen og blas han tom for vatn til eit reservoar som låg høgre opp [2]. Når pumpekjelen var heilt fylt med varm damp, vart damptilførselen stengt med ein ventil og sylinderen vart avkjølt slik at dampen i han kondenserte til vatn. Dette førte til at det vart undertrykk i pumpekjelen og atmosfæretrykket fylte han med vatn. Atmosfærtrykket tilsvarar trykket frå ei vassøyle på 10.3 m, men for å overvinna tap i røyr og ventilar måtte sylinderen plasser lågare enn dette i høve til reservoaret det skulle pumpast vatn frå. Når pumpekjelen var full, vart innsugingsventilen stengt og utblåsingsventilen opna. Deretter vart damp frå kjelen sleppt inn i sylinderen att, slik at damptrykket pressa vatnet ut or utløpsrøyret. Maskina hadde opp til fire arbeidssyklusar i minuttet og kravde kontinuerleg tilsyn av ein maskinist som opna og stengte damptilførselen.

Pumpehøgda vart bestemt av damptrykket og skulle teoretisk lyfta vatn opp til rundt 45 m [3], men på grunn av problem med lekkasje i røyrskøytane (røyra var lodda saman) og ventilar var høgda avgrensa til rundt tolv meter. I djupe gruver ville det difor vera naudsynt å nytta fleire pumper for å lyfta vatnet til overflata.

På denne tida var det vanleg å nytta hestar for å fjerna vatn frå gruver. For å syna kor effektiv pumpa var innførte han omgrepet hestekrefter, som han laust definerte som talet på hestar som maskina erstatta.

I likheit med dampmaskinane til Denis Papin hadde den dampdrivne pumpa til Savery svært låg verkningsgrad. Dette kom av at storparten av varmeenergien gjekk tapt ved at sylinderen vekselvis vart oppvarma og avkjølt. I fylje [3] var verkningsgraden under 0.5 %.

Ettersom kjelen vart varma opp med kol måtte røyken leiast ut or gruva, noko som ikkje alltid var så enkelt, så fyrbøtaren, maskinisten og dei andre gruvearbeidarane hadde truleg svært dårlege arbeidtilhøve. I tillegg var det stendig fare for å verta skolla i damp når røyra spang lekk. Maskina vart difor ikkje den suksessen som Savery hadde sett for seg og berre nokre få pumper vart innstallerte i gruver. Ei av desse vart installert i ei gruve i Broadwaters i Wednesbury, ei anna i Staffordshire [4].

Herskapeleg springvatn[endre | endre wikiteksten]

Pumpene viste seg å fungera betre når dei vart nytta i dagen og fleire vart nytta for å forsyna herskapshus med vatn. At det måtte ein tenar eller to til for å passa dei var ikkje så nøye for herskapsfolk på denne tida. Ei av pumpene til Savery vart nytta for å forsyna Hampton Court med vatn og ei anna vart installert ved Campden House i Kensington, der ho var i drift i 18 år.

I 1917/1928 kjøåte Peter I av Russland ei slik damppumpe for å pumpa vatn til sumarhagen (Летний сад) i St. Petersburg[5]. Dette var den fyrste dampmaskina som vart installert i Russland.

Forlenginga av patentet[endre | endre wikiteksten]

Savery var medlem av Royal Society og nytta kontaktane sine til å i få parlamentet til å forlenga patentet sitt, som opphavleg var gyldig i 14 år, med enda 21 år, slik at det vart gyldig heilt til 1733. Patentet var dessutan svært generelt og forutan pumping av vatn or gruver femna det om vassforsyning til byar, drift av alle slags møller, osb. Thomas Newcomen, som konstruerte ei mykje meir effektiv dampmaskin vart hindra av dette patentet og vart nøydd til å gå i kompaniskap med Savery. Då Savery døydde i 1715 vart det skipa eit felles føretak, som selde lisensar til Newcomen sine dampmaskinar til andre føretak.

I 1672 utvikla Thomas Hal i USA ei pumpe som han kalla «Pulsometer», som nytta same prinsipp som Savery, men pumpene til Hall hadde to sylindrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Savery, T., The miner's friend; or, an engine to raise water by fire, S. Crouch, 1702.
  2. Steam Engine Development, Markham Grange Steam Museum. (vitja 27/4-2008)
  3. 3,0 3,1 Cummins, L., Internal fire, 3. utg., Carnot Press, 2000.
  4. Shaw, S., History and antiquities of Staffordshire - 1798-1801, bind II, nr 1.
  5. Холостой ход машины Ползунова, Vokrug sveta (vitja 12/7-2009)