James Watt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Watt
Watt James von Breda.jpg
Portrett av James Watt (1736-1819)
av Carl Frederik von Breda
Fødd 19. januar 1736
Greenock i Renfrewshire i Skottland
Død 25. august 1819 (83 år)
Handsworth i Birmingham i England
Bustad GlasgowHandsworth i Storbritannia
Statsborgarskap Storbritannia
Nasjonalitet Skotsk
Område Maskiningeniør
Institusjonar University of Glasgow
Boulton and Watt
Kjend for Utbetring av dampmaskinen
Influerar Joseph Black
Adam Smith
Signatur

James Watt (19. januar 173625. august 1819) var ein skotsk matematikar og ingeniør. Vidareutviklinga hans av dampmaskina, ein stempeldampmaskin i perioden 1765-1769, vert rekna som ein sterkt medverkande årsak til den industrielle revolusjonen. Måleininga for effekt, watt, er oppkalla etter han.

Watt blei fødd i Greenock nær Glasgow i Skottland. Far hans var instrumentmakar som tilverka og reparerte navigasjonsinstrument. Då James var 19 drog han til London for sjølv å læra seg dette yrket. Av ein ukjend grunn fullførte han ikkje lærlingetida, men drog tilbake til Skottland, der han etter fleire forsøk fekk arbeid som matematisk instrumentmakar ved universitetet i Glasgow. Her kom han i kontakt med vitskapleg nyskaping, mellom anna dampmaskinen laga på 1700-talet av engelskmannen Thomas Newcomen, og arbeidet hans støtta seg på eit inngåande studium av dampmaskina hans, og vitskaplege målingar av damptrykket, temperaturen og spesifikt volum, som Watt utførde som universitetsmekanikar i Glasgow frå 1759.

Han tok i 1769 patentet som vart avgjerande for utviklinga til dampmaskina i langt over eit hundreår. I 1774 starta Watt i samarbeid med Matthew Boulton den første store dampmaskinfabrikk i Soho ved Birmingham som, takka vere forlenginga av patentet, inntil 1800 hadde ei monopolstilling for framstilling av dampmaskinar. I industrielle føretak var det naudsynt å tilføre energien ved ei roterande rørsle, og Watt prøvde ulike konstruksjonar for å overføre stempelets fram- og tilbakegåande til roterande rørsle.

Watt fann mellom anna opp sentrifugalregulatoren, indikatoren, parallellogramlikeføring og vasstandsglas. South Kensington Museum i London oppbevarer ei større mengd originalmodellar av Watt frå utviklingstida. Watt medverka til utarbeidinga av metersystemet. Etter 1800 trekte han seg tilbake frå det daglege arbeidet i Soho og dreiv mykje med bilethoggararbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]