Gujarati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gujarati
(ગુજરાતી)
Klassifisering: indoeuropeisk

 indoiransk
  indoarisk
   vestleg indoarisk
    gujarati

Bruk
Tala i: India, Tanzania, Kenya, Pakistan, Storbritannia, USA
Område: Asia, Afrika
Gujaratitalande i alt: 46 millionar
Rangering: 22
Skriftsystem: Gujaratiskrift
Offisiell status
Offisielt språk i: Gujarat
Normert av: Språkakademi
Språkkodar
ISO 639-1: gu
ISO 639-2: guj
ISO 639-3: guj

Gujarati (ગુજરાતી) er eit språk som stammar frå staten Gujarat vest i India. Det er eit indoeuropeisk språk i den indoariske familien og er med sine 46 millionar talarar det 22. mest tala språket i verda. Gujarati var morsmålet til mellom anna Mahatma Gandhi, «far til India», og Mohammed Ali Jinnah, «far til Pakistan».

Den gujaratiske skrifttradisjonen går tilbake til 1100-talet. Gujarati blir ikkje skrive med devanagariskrift, men med ei eiga skrift, som er avleidd frå dette. Gujarati blir skrive utan den øvre tverrbjelken som vi finn i devanagari, slik at devanagari-bokstaven for g, ग, blir skriven som ગ utan tverrbjelke i gujarati.

Språket har tre kjønn, til forskjell frå hindi, som berre har to. Det har også tre kasus for substantiv.


[endre] Kjelder

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk