Hokkoar
| Hokkoar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Galliformes | |
| Familie: | Cracidae | |
Hokkoar er ein biologisk familie av hønsefuglar, Galliformes. Totalt er det klassifisert ca. 50 artar av hokkoar. Dette er store fuglar i tropisk og subtropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Ein art, kratthokko, har leveområde som grensar i nord til sørlegaste Texas. Trinidadhokko er endemisk til øya Trinidad og kritisk trua, medan llanoshokko lever på øya Tobago i tillegg til leveområdet på Llanos.
Namnet [endre]
På engelsk språk har tre undergrupper i familien fått eigne namn som manglar samsvarande namn på norsk språk, det er ikkje ei taksonomisk inndeling:
- 'Curassows' - Dei store, «eigentlege» hokkoar kallast på engelsk ofte berre 'curassows', namnet er avleidd frå namnet på øya Curacao. Slektene det gjelder er Nothocrax, Mitu, Pauxi og Crax.
- 'Guans' - Slektene Penelope, Pipile, Aburria, Chamaepetes, Penelopina og Oreophasis kallast 'guans' på engelsk. 'Piping guans' er ei anna nemning for slekta Pipile.
- 'Chachalacas' - Slekta Ortalis, namnet 'chachalacas' kjem av lydytringa hos fuglar innanfor denne slekta.
Skildring [endre]
Hokkoar er store fuglar, generelt har dei utsjånad som minnar om kalkunar. Med unnatak av slekta Ortalis, 'chachalacas', lever hokkoar i tre, medan dei mindre 'chachalacas' finst på meir opent land med krattvokstrar. Mange artar har ganske lang hale, det kan ha samband med livsform i trea. Generelt har dei einsfarga fjørdrakt, men somme artar har fargerike prydnader i ansiktet. Hokkoar varierer i storleik frå guyanahokko som er så liten som 38 cm og 350 gram til storhokko, på nesten 1 meter i kroppslengd og 4,3 kg i vekt. Hokkoar er spesielt vokaliske fuglar.[1]
Desse artane lever av frukt, insekt og ormar. Dei byggjer reir i tre, og legg to eller tre store kvite egg, som hoa rugar aleine. Ungane er langt utvikla ved klekking og er fødd med eit instinkt til straks å klatre i og å søkje skjul i treet der dei vart klekt. Dei er i stand til å flyge få dagar etter klekking.[1]
Slekter [endre]
|
|
|
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Cracidae» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2009
- Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 19. september 2009
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Rands, Michael R.W. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 89. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Grau, Erwin T.; Pereira, Sérgio Luiz; Silveira, Luís Fábio; Höfling, Elizabeth & Wanjtal, Anita (2004). [http://individual.utoronto.ca/sergiolp/pdf/MPE2005.pdf «Molecular phylogenetics and biogeography of Neotropical piping guans (Aves: Galliformes): Pipile Bonaparte, 1856 is synonym of Aburria Reichenbach, 1853»]. http://individual.utoronto.ca/sergiolp/pdf/MPE2005.pdf. Henta 2009-11-23.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar med hokkoar hos Internet Bird Collection
- Lydopptak av hokkoar hos xeno-canto.org