Esperanza-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 63°24′S 56°59′W
Esperanza-basen
stasjon
none  Esperanza-basen, Hope Bay, i 2012
Esperanza-basen, Hope Bay, i 2012
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Hope BayTrinityhalvøyaDen antarktiske halvøya
 - høgd 25 moh
 - koordinatar 63°24′S 56°59′W
Administrert under Antarktistraktaten
Esperanza-basen is located in Antarktis
Esperanza-basen (Antarktis)

Den argentinsk Base Esperanza (ligg i Hope BayTrinityhalvøyaDen antarktiske halvøya. Han er den einaste av berre to sivile busetnader i Antarktis (den andre er den chilenske Villa Las Estrellas).

Han vart bygd i 1952[1][2] og husar 55 personar om vinteren, inkludert 10 familiar og to lærarar. Skulen #38 «Julio Argentino Roca» vart skipa i 1978 og fekk usjølvstendig status i 1997. LRA 36 Radio Nacional Arcángel San Gabriel er ein radiostasjon som starta å sende i 1979.

Middeltemperaturen er -5,5 ºC og varierer gjennom året frå -10,8 ºC om vinteren til 0,2 ºC om sommaren. Sidan ein middeltemperaturen ein av månadane så vidt er over frysepunktet vert klimaet klassifisert som arktisk tundraklima i Köppen-systemet. Temperaturtrenden sidan 1948 er +0,0315 °C/år, +0,0413 °C/år om vinteren og +0,0300 °C/år om sommaren.

Dei 42 bygningane på stasjonen har eit samla areal på 3744 kvadratmeter[3], 18 000 liter med brenser vert nytta kvart år i fire generatorar som produserer straum for stasjonen. Det vert forska innan glasiologi, seismologi, oseanografi, kystøkologi, biologi, geologi og limnologi.

Esperanza-basen er noko kjend fordi han er fødestaden til Emilio Marcos Palma, den første personen som vart fødd i Antarktis. Basen har turistfasilitetar og vert vitja av kring 1100 turistar årleg.

Ein vindturbin vart sett opp i 2008.video

Klimadata for Esperanza
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 14.8 13.7 12.6 13.7 14.0 12.8 10.9 13.0 10.5 17.0 10.3 14.6 17,0
Normal maks. temp. °C 3.1 2.6 -0.4 -3.4 -5.6 -6.6 -6.4 -6.2 -2.7 0.3 1.3 3.2 -1,7
Døgnmiddeltemp. °C 0.5 -0.5 -3.1 -7.3 -9.6 -10.9 -10.8 -10.5 -7.0 -3.6 -1.7 0.4 -5,3
Normal min. temp. °C -1.8 -2.9 -6.4 -11.1 -13.4 -15.1 -15.0 -14.7 -11.1 -7.4 -4.6 -2.1 -8,8
Kulderekord °C -6.9 -12.0 -20.9 -26.0 -29.6 -30.0 -32.3 -31.0 -27.0 -23.0 -17.8 -8.9 -32,3
Nedbør (mm) 56.2 65.0 75.5 59.1 54.4 47.4 54.1 72.1 62.2 56.4 65.0 59.0 726,4
Normal mengd snødagar 16 15 16 16 14 13 14 14 16 15 16 16 181
Kjelde: Servicio Meteorologico Nacional,[4] NOAA[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Antarctica. Sydney: Reader's Digest, 1985, p. 156-157.
  • Child, Jack. Antarctica and South American Geopolitics: Frozen Lebensraum. New York: Praeger Publishers, 1988, p. 73.
  • Lonely Planet, Antarctica: a Lonely Planet Travel Survival Kit, Oakland, CA: Lonely Planet Publications, 1996, 302-304.
  • Stewart, Andrew, Antarctica: An Encyclopedia. London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes), p. 469.
  • U.S. National Science Foundation, Geographic Names of Antarctica, Fred G. Alberts, ed. Washington: NSF, 1980.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Esperanza-basen