Pingvinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pingvin)
Gå til: navigering, søk
Pingvinar


Ringpingvinar, Pygoscelis antarctica
Ringpingvinar, Pygoscelis antarctica

Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Klasse: Fuglar
Orden: Sphenisciformes
Familie: Spheniscidae
Slekter

Pingvinar (Spheniscidae) er ei familiegruppe med fuglar som omfattar 17 artar fordelt i 6 slekter. Dette er einaste familien i den biologiske ordenen Sphenisciformes. Pingvinane held til på den sørlege halvkula, særleg i Antarktis.

Særs tilpassa livet i havet, har pingvinar delt mørk og kvit fjørdrakt, og vengene utvikla seg til å likne luffar brukt til symjing. Dei fleste pingvinane lever av kril, fisk, blekksprut og andre former for sjødyr fanga medan dei sym under vatn. Dei lever omtrent halvparten av tida på land og halvparten i havet.

Sjølv om alle pingvinartar har naturleg tilhald på den sørlege halvkula, er dei ikkje avgrensa til å leve i kaldt klima, slik som i Antarktis. Faktisk er det berre få pingvinartar som lever så langt sør. Fleire artar finst i den tempererte sona, og éin art, galapagospingvinen, lever nær ekvator.

Utbreing av pingvinar som gruppe

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pingvinar er middels store til store fuglar som veg rundt 1-30 kg og blir rundt 30-115 cm høge. Den største nolevande arten er keisarpingvin. I gjennomsnitt er vaksne keisarpingvinar ca. 1,15 m høge og veg 35 kg eller meir. Den minste pingvinarten er dvergpingvin, rundt 30 cm høg og veg litt over eit kilogram. Blant nolevande pingvinartar, lever dei større pingvinane i kaldare område, medan mindre pingvinar er generelt er funne i temperert eller tropisk klima.

Anatomi og fysiologi[endre | endre wikiteksten]

Pingvinar er tilpassa eit liv nær havet og kan halde ut sterk kulde. Dei har eit tjukt varmeisolerande feittlag under huda, og kan styra blodtilførselen til kroppsdelane sine, slik at dei kan redusera nedkjøling av blodet samstundes som ikkje kroppsdelane frys.

Dei kan ikkje flyga, men sym raskt og smidig, hjelpt av luffeaktige venger og ein glatt fjørdrakt. Eit luftlag innanfor fjørne gjer at dei flyt lettare i vatnet og held varmen. På land går eller hopper pingvinane oppreist, dei brukar stjerten og vengene for å oppretthalde balansen. Men dei kan også skyva seg framover på magen på is og snø.

Symjefarta under vatn er til vanleg berre 6-12 km/t, sjølv om det er rapportert om fart på 27 km/t, som er meir realistiske i tilfelle flukt frå farar.[treng kjelde] Dei små pingvinane vil vanlegvis ikkje dukke djupt. Dei fangar byttedyra sine nær overflata i dykk som normalt varar berre eit minutt eller to. Større pingvinar kan dykke djupt når dei har trong til det. Eit dykk registrert blant den store keisarpingvinen nådde ei djupne på 565 m i opptil 22 minutt.[1][2]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Pingvinar lever i flokk, gjerne tusenvis saman. Dei hekker i store koloniar og kan vandra eller symja saman på store reiser som endå er lite kjente for forskarar. Dei jaktar og et sjødyr, som kril, fisk og blekksprut.

Pingvinar er sjølv byttedyr for haiar, selar og tannkvalar, særleg leopardsel (Hydrurga leptonyx) og spekkhoggar (Orcinus orca). Nokre stader kan også røyskatt og rotter truga pingvinane.

Pingvinar myter alle fjører omtrent samstundes over ein periode på to til fem veker om sommaren eller hausten. I denne perioden ser dei forkomne og 'sjuke' ut, dei er ikkje i stand til å symje og må derfor faste. Det er viktig at mytande pingvinar ikkje blir forstyrra av menneske eller predatorar.[3]

Pingvinartar[endre | endre wikiteksten]

Kvitkinnpingvinar på den australske Macquarieøya.

Pingvinar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Slekt Aptenodytes

Slekt Pygoscelis

Slekt Megadyptes

Slekt Eudyptula

Slekt Spheniscus

Slekt Eudyptes

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pingvinar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Department of Sustainability, Environment, Water, Population & Communities, Australian Antarctic Division, Emperor penguins Lest 12. juli 2012
  2. Andre kjelder som Heather og Robertson (2005) oppgjev 450 meter som djupne for dykk blant keisarpingvinar
  3. Heather og Robertson (2005)
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 3. november 2013 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)