Hors Catégorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hors Catégorie (kortform HC, omlag «utanfor kategori», dvs ekstremkategori) er klassifiseringa for dei hardaste stigningane i franske sykkelritt, til dømes i Tour de France. Ein bakke må enten stige meir enn 1500 høgdemeter eller 1000 høgdemeter med ein snittstigning større enn 6,5 % for å karakteriserast som HC. Det finst unntak, til dømes er oppstigninga til Luz Ardiden berre 870 høgdemeter, og opp til Port de Balès er det berre 6,3 % i snittstigning, men begge er klassifisert som HC. Det motsette gjeld for Port d'Envalira, som trass 1685 høgdemeter, er klassifisert som kategori 1. Grunnen er ei relativt låg snittstigning.

HC-stigningar som har vore brukt i Tour de France minst ein gong:




Analyse av data frå dei ulike kategoriane i Tour de France 2006 – 2009[1]
Distanse i kilometer Stigning i %
Kategori Snitt Min Maks Snitt Min Maks
4 2,3 0,7 7,2 4,8 2,7 7,4
3 4,2 0,8 11,2 5,4 2,9 11,1
2 9,2 4,7 12,9 5,2 3,7 7,1
1 12,8 7,0 23,2 6,6 5,0 8,1
HC 18,8 10,6 42,9 7,0 4,5 8,5

[endre] Referansar

  1. Tala stammar frå nettstaden danskebjerge.dk som analyserte data frå rundt 260 stigningar i Tour de France 2006 – 2009, sjå Slik kategoriseres bakker frå sykkelnytt.no
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk