Puy de Dôme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For det franske departementet med same namn, sjå Puy-de-Dôme
Puy de Dôme
Puy de Dome (volcano).jpg
Høgd over havet 1 464 moh
Ligg i/på Nær Clermont-Ferrand i Frankrike
Fjellkjede Chaîne des Puys i Massif Central
Koordinatar 45°30′N 2°48′EKoordinatar: 45°30′N 2°48′E
Fjelltype Lavadom
Bergartar frå <10 000 pr
Siste utbrot 5760 fvt.
Førsteklatring Ukjend
Lettaste rute veg

Puy de Dôme er ein stor lavadom og ein av dei yngste vulkanane i Chaîne des Puys-området i Massif Central i sørlege delar av det sentrale Frankrike, om lag 10 km frå byen Clermont-Ferrand. Departementet Puy-de-Dôme er kalla opp etter vulkanen.

Ein reknar med at Le puy de Dôme vart danna ved eit einaste utbrot, og har vore utan vulkansk aktivitet dei siste 12000 åra. Han ligg på eit granittplatå i tusen meters høgd, til liks med alle dei andre vulkanane i Chaîne des Puys (Puysfjellkjeda). Denne rekkja av vulkanar, som inneheld mange sinderskjegler, lavadomar og maarar, ligg merkeleg nok langt borte frå kanten til ei kontinentalplate.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I det før-kristne Europa var Puy-de-Dôme ein samlingsplass for spirituelle seremoniar. Det vart bygd fleire tempel på toppen, inkludert eit gallo-romersk tempel for guden Merkur. Ruinane av dette vart oppdaga i 1873.

Merkur-tempel

I 1648 viste Florin Périer, etter Blaise Pascal sitt ynskje, Evangelista Torricelli sin teori om at barometriske observasjonar vart skapt av vekta til lufta ved å måle høgda på ei kvikksølvsøyle ved tre forskjellige høgdenivå på Puy de Dôme.

I 1875 vart det bygd eit fysikklaboratorium på toppen. Sidan 1956, har ei TDF-antenne (Télédiffusion de France) òg stått her.

I nyare tid har Puy de Dôme stundom vore målgong for etappar i Tour de France. Det var her Raymond Poulidor kjempa med Jacques Anquetil i 1964. Det var òg på denne toppen Eddy Merckx fekk eit slag i magen frå ein tilskodar i 1975.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turistsenter

Puy de Dôme er eit av dei mest vitja områda i Auvergne, og har nesten 500 000 turistar årleg. Området er eit senter for paragliding. Toppen gjev eit flott utsyn over Chaîne des Puys og Clermont-Ferrand. Det ligg ein restaurant og butikkar på toppen i tillegg til eit turistsenter med informasjon om historie og geologi i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Puy de Dôme