Hosja‘na rabbá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slag mot bakken med pilegrein under hosja‘na rabbá

Hosja‘na rabbá ('store hosjana/suplikk') er den sjuande og siste dagen av den jødiske lauvhyttefesten sukkót. Han blir markert med fleire bøner, ei særskild gudsteneste, og visse ritual. I Talmud blir høgtida kalla 'piletredagen', fordi ein skjer særskilde pilegreiner som ein slår mot bakken denne dagen.

Det er vanleg å lesa i Toráen kvelden før, i nokre høve heile natta før, høgtida.

Under heile sukkót ber ein «dei fire slaga» — ei daddelpalmegrein, ei myrtegrein, ei pilegrein og ein etrog (sukatsitron, ei sitronaktig frukt) rundt i synagogen. Denne siste dagen ber ein rundt dei fire slaga sju gonger. Rundgangen er til ære for dei sju viktige patriarkane Abraham, Isak, Jakob, Moses, Aron, Josef og David.

Etter framseiinga av fleire liturgiske dikt blir fem pilegreiner slått mot bakken, eit symbol på utvisking av synd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • John Bowker, red. (2000), «Hoshana Rabba», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press