Sukkót

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein hasidisk rebbe i Montreal bed og ristar dei fire slaga.

Sukkót (hebr. סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת sukkōt) eller lauvhyttefesten er ei jødisk høgtid som varar i sju dagar frå den 15. tisjré. Høgtida er dels ein innhaustingsfest og dels til minne om israelittane sitt opphald i øydemarka under utgangen av Egypt og om gleda over Toráen.

Sukkáen, eller lauvhytta[endre | endre wikiteksten]

Sentralt under sukkót står sukkáen, eller hytta: Dette er ei lita, ikkje-permanent hytte oppført spesielt for sukkót og nedteken att når sukkót er over. I rabbanittisk jødedom er det eit krav at taket skal vera glisse nok til at ein kan sjå stjernene gjennom taket når ein sit i hytta. Samaritanarane byggjer derimot hytta med solid tak.

Det blir rekna som ein misvá (påbod) å eta måltida sine i sukkáen under sukkót.

Luláben, eller palmegreina[endre | endre wikiteksten]

Ein luláb er strengt teke ei palmegrein, men ordet blir òg bruka om bunten som inneheld ei palmegrein, to pil- eller seljekvistar og tre greiner av myrt. Desse, saman med sitrusfrukta etróg, utgjer «dei fire slaga». Det er ein misvá å halde desse fire slaga i hendene og å riste dei mot alle dei fire himmelretningane og i tillegg opp og ned under sukkot.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sukkót
Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.