Hugo Pratt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hugo Pratt

Hugo Pratt (15. juni 192720. august 1995) var ein italiensk teikneserieskapar. Han var mest kjend for seriane om Corto Maltese, som i 1970-åra braut veg for teikneseriar for vaksne. Pratt kombinerte spennande historier med rot i røyndomen, med sterke teikningar i svart/kvitt.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hugo Pratt var fødd i Rimini, men voks opp i Venezia. Familien var fleirkulturell, med både engelsk, jødisk og tyrkisk bakgrunn. I 1937 flytta han med mora til Etiopia som då var hærsett av det fascistiske Italia. Far hans var offiser i den italienske hæren, men vart teken til fange av engelskmennene og døydde i fangenskap. Etter ei tid i engelsk interneringsleir vart Hugo og mora sende attende til eit Italia no okkupert av tyskarane. Desse dramatiske tidene viser att i fleire av Pratt sine seriar.

Etter krigen vart han tilknytt seriemagasinet Asso di Piche, utgjeve i Venezia av nokre unge teiknarar inspirerte av amerikansk teikneserietradisjon. I 1949-62 budde Pratt i Argentina der han heldt fram med å teikna. Her gav han ut sin første eigne serie, Anna della Jungla. I denne tida tok han også fleire turar kring i Sør-Amerika, mellom anna i Mato Grosso og på Amazonaselva.

I 1962 flytta Pratt attende til Italia der han starta bladet Sgt. Kirk. Her vart den første serien om Corto Maltese publisert. Seriane om den fargerike eventyraren er mellom dei mest kjende i verda, og var med på å skaffa Hugo Pratt fleire internasjonale prisar, og i 2005 ein plass i Will Eisners Comic Book Hall of Fame.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne teikneserieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.