Fleirkulturell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Jakarta i det fleirkulturelle landet Indonesia. Ein mann med tradisjonell urfolkframtoning står utanfor ein europeisk kleskjede medan indonesarar med vestlege klede går forbi.
Foto: Jonathan McIntosh

Omgrepa fleirkulturell eller multikulturell viser til møtepunkt mellom fleire kulturar. Dei kan visa til samfunn med fleire grupper av ulik bakgrunn, enkeltpersonar med erfaring frå fleire kulturar, eller fleirkulturelle produkt som musikk, mat og liknande.

Fleirkulturelle samfunn oppstår vanlegvis gjennom reise og vandring, der ei eller fleire grupper slår seg ned i kortare eller lengre tid i eit nytt område. Særs fleirkulturelle stader kan vera byar i vekst eller område med mykje handel eller stor innvandring. Statar kan vera fleirkulturelle av historiske grunnar, til dømes Belgia, Sveits og ei rekkje tidlegare koloniar som Brasil, Canada, India og Kenya.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fleirkulturell
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.