Hundekjeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hundekjeks


Status i Noreg: LC Livskraftig

Anthriscus sylvestris - Köhler–s Medizinal-Pflanzen-162.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Apiales
Familie: Apiaceae
Slekt: Anthriscus Kjørvelslekta
Art: A. sylvestris
Vitskapleg namn
Anthriscus sylvestris

Hundekjeks er ei fleirårig plante i skjermplantefamilien. Arten er utbreidd over Europa, Asia og det nordlege Afrika.

Fotografi av hundekjeksblomen.

Planta er kring 70 cm høg, med kvasstagga stengel som er stivhåra nedst. Blada er blanke og lysgrøne. Planten har småsveip med 5-6 blad. Blomstrane er kvite eller bleikt grøngule. Frukta er 6-7 mm lang og brunsvart på farge. Hundekjeks blømer kring juni i eng og open skog.

Hundekjeks er vanleg over heile Noreg. Han er funnen opp til 1280 moh. i Oppdal.

Planta breier seg lett, og vert sett på som eit ugras i jordbrukslandskapet. Plantene vert då sprøytte med gift enkeltvis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hundekjeks

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.