Hypothesis av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hypothesis
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1978
Innspelt Mai 1971, Marquee Studios, London
Sjanger Electronica, jazz fusion
Lengd 32:10
Selskap Affinity, # CR 3037
Produsent Vangelis, Giorgio Gomelsky
Vangelis-kronologi 
Beaubourg
(1978)
Hypothesis The Dragon
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

Hypothesis er eit album frå 1978 av den greske musikaren Vangelis, spelt inn i 1971. I mai 1971 spelte Vangelis fleire gonger i Marquee Studios i London, i lag med fiolinisten Michel Ripoche, bassisten Brian Odgers (kalla Odger på omslaget) og trommeslagaren Tony Oxley. Bassisten og trommisen spelte òg på Extrapolation av John McLaughlin. Det vart spelt inn noko musikk for to album, men dei var uferdige og ikkje meint for utgjeving. Likevel dukka to album opp i butikkane i 1978, på selskapet Affinity (ein etikett under Charly Records), Hypothesis og The Dragon. Vangelis saksøkte selskapet for å få begge albuma fjerna frå marknaden. Kritikarane har meint at Hypothesis var det dårlegaste av dei to.

Musikalsk er albumet rekna som det mest sære og uvanlege albumet av Vangelis, sidan det har form som eksperimentell jazz eller jazzfusion.

Ei alternativ utgjeving av Hypothesis vart kalla Visions of the Future.

I Tyskland vart Hypothesis og The Dragon gjeve ut i lag som eit dobbeltalbum kalla Portrait.

Omslaget for Hypothesis vart laga av Angus McKie.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Hypothesis, Part 1»16:00
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Hypothesis, Part 2»16:10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McDonald, Steven. «Hypothesis». Allmusic. Henta 5. september 2014.