Oceanic av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oceanic
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1996
Sjanger Electronica
Lengd 50:41
Selskap Atlantic (U.S.A.) / WEA (Europe)
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
Foros Timis Ston Greco
(1995)
Oceanic Portraits (So Long Ago, So Clear)
(1996)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1.5/5 stars[1]

Oceanic er eit studioalbum frå 1996 av den greske musikaren Vangelis. Det vart gjeve ut i Europa den 25. oktober 1996 og i USA i januar 1997. Ein singel med songen «Song of the Seas» vart gjeven ut samstundes. Albumet er ein ode til havet og vart visstnok skriven og innspelt i strandhuset til Vangelis i Hellas. Det er eit roleg album med lydar av bølgjer og vatn.[2] I følgje plateselskapet East West var musikken opphavleg skriven for eit dokumentarprosjekt om kvalar.[2]

Vangelis var personleg involvert i utforminga av plateomslaget, slika han var seint i 70-åra og tidleg i 80-åra. På slutten av teksten i CD-heftet er det referansar til filmane Million Dollar Mermaid og Footlight Parade. Desse var truleg inspirasjonskjelder for Vangelis. Albumet viste seg å vere «for lett» for mange eldre fans, som føretrekte Vangelis sine røter i progressiv musikk, men fans av New Age tok i mot albumet med opne armar.

Musikken på Oceanic vart nytta i ein dokumentar frå 1998 kalla «Deep Sea, Deep Secrets» av The Learning Channel og Discovery Channel, i lag med musikk frå det førre Vangelis-albumet, Voices.

Oceanic vart nominert til Grammyprisen for beste New Age-album i 1997, men tapte for Enya.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk er komponert av Vangelis.

Nr.TittelLengd
1.«Bon Voyage»2:33
2.«Sirens' Whispering»7:59
3.«Dreams of Surf»2:43
4.«Spanish Harbour»6:42
5.«Islands of the Orient»7:24
6.«Fields of Coral»7:44
7.«Aquatic Dance»3:44
8.«Memories of Blue»5:40
9.«Song of the Seas»6:12

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1996) Plassering
Austerrike 22
Frankrike 29
Sveits 37
Sverige 60
Tyskland 87
Nederland 98
Ungarn[3] 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allender, Mark W.B. «Review: Oceanic». Rovi Corporation. Henta 27 October 2010. 
  2. 2,0 2,1 Elsewhere
  3. Mahasz[daud lenkje]