Ilon Wikland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilon Wikland

Ilon Wikland (fødd 5. februar 1930) frå Tartu i Estland, er ein svensk-estisk illustratør. Ho kom til Sverige som flykting då ho var fjorten år gamal. Ho gjekk på Skolan för Bok- och Reklamkonst i Stockholm og på Konstfackskolan i eit år. Ho er òg utdanna frå Signe Barths målarskola.

Ilon Wikland er fremst kjend for illustrasjonane sine til Astrid Lindgren sine bøker. Det er berre Pippi Langstrømpe, som vart teikna av Ingrid Vang Nyman, og Emil i Lønneberget, teikna av Björn Berg, som har fått originalillustrasjonane teikna av andre. Den fyrste Lindgren-boka ho illustrerte var Mio, min Mio i 1954.

Wikland teiknar ofte rundkinna born med oppstopparnase, men er nøye med detaljar for å finne det som fangar karakteren til ein litterær figur. Ho har fortald at ho fann dei rufsete Mattisrøvarane i Ronja Røverdatter i køen på Systembolaget og Karlson på taket i Hallane i Paris.

Ho har skildra sin eigen barndom i boka Den långa, långa resan (Stockholm 1995) (norsk tittel: Den lange, lange reisen) , skriven saman med barnebokforfattaren Rose Lagercrantz.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]