In My Time of Dying

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«In My Time of Dying» er ein tradisjonell gospelsong som fleire gonger er spelt av rockeartistar sidan tidleg i 1960-åra. Den første kjende innspelinga av songen var med tittelen «Jesus Make Up My Dying Bed» innspelt av blues-gospel-gitaristen Blind Willie Johnson i perioden 1927-1930. «Jesus Goin' A-Make Up My Dyin' Bed» er nemnd i historikaren Robert Emmet Kennedy sin Black Cameos, som kom ut i 1924. Han skriv at songen vart spelt av gatemusikantar i Louisiana, og songen vert òg nemnd i Index to Negro Spirituals av Cleveland Library.[1][2] I dag er ikkje utgåva til Johnson registrert nokon stad og han er offentleg eigedom. Charlie Patton si utgåve vart kalla «Jesus is a Dying-Bed-Maker»[3] «In My Time of Dying» er òg spelt av mellom andre Shocking Blue, Martin L. Gore, John Cougar Mellencamp, The Be Good Tanyas, Jeff Lang, Bob Dylan og Led Zeppelin.

Bob Dylan-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Songen vart meir kjend i popverda då Bob Dylan spelte ei utgåve av songen på debutalbumet Bob Dylan i 1962. Her heitte songen «In My Time of Dyin'».

Dylan si utgåve er truleg basert på Joshua White si innspeling frå 1933.[4]

Led Zeppelin-utgåva[endre | endre wikiteksten]

«In My Time of Dying» er den lengste studioinnspelinga til Led Zeppelin og avsluttar side ein på dobbelplata Physical Graffiti frå 1975 med ei lengd på 11:05. Det er ingen lange instrumentalparti, trass i den lange lengda.

Jimmy Page spelte ein sjeldan gong slidegitar. John Paul Jones spelte bandlaus bass, medan den kraftige trommelyden til John Bonham vart spelt inn på same måte som på «When the Levee Breaks» frå fjerdealbumet deira.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert Emmet Kennedy (1924). Black Cameos. s. 210. 
  2. Robert Emmet Kennedy (1925). Mellows, a Chronicle of Unknown Singers. s. 150. 
  3. The Fahey Files song notes for Requia av John Fahey.
  4. «Bob Dylan's Roots». http://www.bobdylanroots.com/inmytime.html. Henta 17. oktober 2009. 
  5. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.