Bob Dylan av Bob Dylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bob Dylan
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 19. mars 1962
Innspelt 20. og 22. november 1961
Studio Columbia Studio A i 799 Seventh Avenue i New York City
Sjanger
Lengd 36:54
Selskap Columbia
Produsent John H. Hammond
Bob Dylan-kronologi 
Bob Dylan The Freewheelin' Bob Dylan
(1963)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[2]
Entertainment WeeklyB[3]
MusicHound2/5 stars[5]
Rolling Stone4/5 stars[4]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[6]

Bob Dylan er debutalbmet til den amerikanske artisten med same namn. Det vart gjeve ut 19. mars 1962 på Columbia Records då Dylan var 20 år gammal. Albumet inneheld berre to originale songar, resten var gamle folkeviser og vart produsert av talentspeidaren John H. Hammond, som signerte platekontrakten med Dylan.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Dylan møtte John Hammond under ei øving for Carolyn Hester den 14. september 1961 i ei leilegheit som Hester og mannen hennar då, Richard Fariña, delte. Hester hadde invitert Dylan til øvinga som munnspelspelar og Hammond godtok han som studiomusikar etter å ha vore på øvinga.

Hammond fortalte seinare Robert Shelton at han ønskte å signere kontrakt med Dylan «der og då» og inviterte han til kontoret for ei meir formell prøvespeling. Det finst ikkje noko opptak av dette i arkivet til Columbia i dag, men Hammond, Dylan og direktøren i Columbia Mitch Miller har alle stadfesta at det vart gjort ei prøvespeling. Det vert hevda at produsenten Fred Catero, som då var lydteknikar på Columbia Records, eig masterbandet til denne innspelinga.

Den 26. september spelte Dylan to veker i Gerde's Folk City, og var nest øvst på plakaten etter The Greenbriar Boys. 29. september fekk Dylan særs god kritikk for konserten i New York Times. Same dag spelte Dylan munnspel på ei innspeling av Hester i Manhattan studio. Etter innspelinga førte Hammond Dylan til kontoret sitt og presenterte han ein fem år standardkontrakt for nye artistar. Dylan signerte på staden.

Same kveld, på Gerdes, fortalde Dylan Shelton om tilbodet til Hammond, men bad han halde det for seg sjølv fram til kontrakten var godkjend oppover i Columbia-systemet. Stadfestinga kom raskt.

Han fekk tid i studio seint i november og i vekene fram til innspelingane, starta Dylan å leite etter nye songar, sjølv om han alt kjende mange songar frå før. I følgje venen til Dylan, Carla Rotolo, «lytta han til platene min, dag og natt. Han studerte Folkways sin Anthology of American Folk Music, synginga til Ewan MacColl og A.L. Lloyd, gitaren til Rabbit Brown, Guthrie, sjølvsagt og blues...plata hans var på planleggingsstadiet. Vi var alle uroa over kva songar Dylan skulle gjere. Eg hugsar tydeleg at det vart snakka om dette.»

Albumet vart til slutt spelt inn i tre korte økter på ettermiddagen den 20. og 22. november. Hammond spøkte seinare at Columbia hadde brukt «om lag $402» på innspelinga og dette talet har sidan stått som den faktiske kostnaden. Trass i at albumet kosta lite og tok kort tid å spele inn, var Dylan likevel vanskeleg å spele inn. Hammond fortalde: «Bob smalt kvar p, visla kvar s og fjerna seg stadig bort frå mikrofonen. Det som var mest frustrerande var at han ikkje lærte av feila sine. Det slo meg på den tida at eg aldri har arbeidd med nokon som var så udisiplinert tidlegare»[7]

Det vart spelt inn sytten songar og fem av dei som vart vald ut til albumet vart faktisk spelt inn på eit einaste forsøk («Baby Let Me Follow You Down», «In My Time Of Dyin'», «Gospel Plow», «Highway 51 Blues», og «Freight Train Blues»), medan masteropptaket for «Song For Woody» vart spelt inn etter eitt mislukka forsøk. Dei fire songane som ikkje kom på albumet vart òg spelt inn på eitt forsøk. Under innspelinga nekta Dylan å gjere to opptak av same song. «Eg sa nei. Eg kan ikkje sjå meg sjølv synge den same songen to gonger på rad. Det er frykteleg»[8]

Songane[endre | endre wikiteksten]

I den perioden innspelinga fann stad lytta Dylan til store mengder folkeviser på klubbar og kafear i New York. Mange av desse var nære vener som spelte med Dylan og som ofte inviterte han heim til seg der dei introduserte han for fleire folkeviser. Samstundes lånte og lytta Dylan til mange folke-, blues- og countryplater, mange som var vanskeleg å få tak i på denne tida. Dylan fortalde i eit intervju i dokumentaren No Direction Home at han berre trengde å høyre ein song ein gong eller to for å lære seg han.

Av songane på albumet var berre to originale songar. Dei andre elleve songane er standard folkeviser og tradisjonelle songar. Han hadde spelt få av desse på konsertane sine på klubbane og kafeane. Berre fire av songane, to av dei originale, vart spelt av Dylan på klubbane i september 1961.

Av dei to originale songane er «Song for Woody» best kjend. I følgje Clinton Heylin står det skrive på det originale tekstarket for «Song For Woody»: «Skriven av Bob Dylan i Mills Bar på Bleecker Street i New York City den 14. februar, for Woody Guthrie.» Melodisk var songen basert på ein av Guthrie sine eigne songar, «1913 Massacre», men det er mogeleg at Guthrie-songen baserte seg på ein enno tidlegare melodi. Som mange visesongarar, inkludert Dylan, tilpassa Guthrie ofte kjende folkeviser til nye songar. Guthrie var den viktigaste inspirasjonskjelda for Dylan på denne tida Bob Dylan kom ut og på fleire av songane kan ein høyre Dylan imitere vokalstilen til Guthrie. «Talkin' New York» refererer til Guthrie-songen «Pretty Boy Floyd».

Dylan vert tilskriven arrangementet på mange av dei tradisjonelle songane, men fleire av dei kan sporast til hans samtidige. Til dømes vart arrangementet på «House Of The Risin' Sun» utvikla av Dave Van Ronk, som var ein nær ven på denne tida. Under innspelinga av «Baby Let Me Follow You Down» nemner Dylan Eric Von Schmidt, som han møtte i Cambridge i Massachusetts. Von Schmidt introduserte arrangementet til Dylan, i tillegg til «He Was a Friend of Mine», som òg vart spelt inn men utelate frå albumet.

Dylan spelte få av desse songane då han heldt konsertar i 1963, men spelte «Man of Constant Sorrow» på den første framføringa si på nasjonalt fjernsyn i midten av 1963. «Baby Let Me Follow You Down» vart seinare spelt med eit drivande elektrisk arrangement på turneane hans i 1965 og 1966 med The Hawks. Eit konsertopptak av dette finst på «Live 1966».

Etter 1966 spelte Dylan berre fem songar frå debutalbumet på konsertar, og berre «Song to Woody» og «Pretty Peggy-O» er spelt forholdsvis hyppig.

Unytta opptak[endre | endre wikiteksten]

Fire songar som vart spelt inn under innspelinga av Bob Dylan kom ikkje med på albumet. Tre av desse finst på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991: Woody Guthrie sin «Ramblin' Blues» (som enno ikkje er gjeve ut), «House Carpenter», «He Was a Friend of Mine», og ein annan original song, «Man on the Street».

Av desse fire er «House Carpenter» kanskje den best likte. Dette var den siste songen som vart spelt inn for Bob Dylan. Det var ei ny utgåve av den skotske balladen «The Daemon Lover» frå 1500-talet og Clinton Heylin skreiv at «det var den mest ekstraordinære framføringa under innspelingane, like demonisk driven som noko Robert Johnson nokon gong spelte inn.» Sjølv om det var ein favoritt i visemiljøet er det aldri dokumentert at Dylan spelte «House Carpenter» nokon stad.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Bob Dylan fekk lite omtale då det kom ut og gjekk stort sett umerka forbi, og både Hammond og Dylan var oppgitt over resultatet. I følgje Shelton, som skreiv teksten på omslaget under eit psevdonym, fortalte Dylan han ein månad seinare at teksten til Shelton var betre enn resten av albumet. Dylan har fleire gonger sidan uttrykt misnøye med albumet.

Albumet selde dårleg og Dylan var ei stund kjend som «Hammond's Folly» («Dårskapen til Hammond») i plateselskapet.[9] Mitch Miller, som var direktør i Columbia på denne tida, sa at plata selde 2500 eksemplar i USA, og det var det einaste albumet hans som ikkje gjekk inn på albumlista i USA. I Storbritannia gjekk albumet i 1965 opp til 13. plass.

Trass i at albumet gjorde det dårleg, gjorde den billege innspelinga at det likevel ikkje gjekk så verst. Visealbum på denne tida selde generelt dårleg.

22. desember 1961, ein månad etter innspelinga av Bob Dylan var ferdig, var Dylan i Minneapolis i Minnesota, der han og venen Tony Glover vitja venen Bonnie Beecher. Dylan spelte inn 26 songar på lydband i heimen hennar. Opptaket er vorte kalla «Minneapolis hotel tape» og kom raskt i private hender. Opptaket har synt det musikalske potensialet til Dylan berre ein månad etter debutalbumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivararLengd
1.«You're No Good»Jesse Fuller1:40
2.«Talkin' New York»Bob Dylan3:20
3.«In My Time of Dyin'»trad. arr. Dylan2:40
4.«Man of Constant Sorrow»trad. arr. Dylan3:10
5.«Fixin' to Die»Bukka White2:22
6.«Pretty Peggy-O»trad. arr. Dylan3:23
7.«Highway 51 Blues»Curtis Jones2:52
Side to
Nr.TittelLåtskrivararLengd
1.«Gospel Plow»trad. arr. Dylan1:47
2.«Baby, Let Me Follow You Down»trad. arr. Reverend Gary Davis, Eric von Schmidt, Dave Van Ronk2:37
3.«House of the Risin' Sun»trad. arr. Dylan5:20
4.«Freight Train Blues»Elizabeth Cotten, arr. Dylan2:18
5.«Song to Woody»Bob Dylan2:42
6.«See That My Grave Is Kept Clean»Blind Lemon Jefferson2:43
Bonusspor på 2013-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Mixed-Up Confusion» (singel)Bob Dylan2:30
15.«Roll On John» (live)Tradisjonell, arr. Bob Dylan3:16
16.«Hard Times in New York» (live)Bob Dylan2:32
17.«Smokestack Lightning» (live)Chester Burnett aka Howlin' Wolf3:03
18.«Stealin' Stealin'» (live)G. Gannon3:24
19.«Baby, Please Don't Go» (live)J. Williams2:19
20.«The Death of Emmett Till» (live)Bob Dylan5:11
21.«Man on the Street» (live)Bob Dylan2:25
22.«Omie Wise» (live)Tradisjonell4:02
23.«Don't Think Twice, It's All Right» (live)Bob Dylan3:21
24.«The Girl I Left Behind» (live)Tradisjonell, arr. Bob Dylan5:39
25.«Blowin' in the Wind» (live)Bob Dylan2:29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1965 UK Top 75 13[10]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[11] Sølv 60 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ian Ousby (23. februar 1996). The Cambridge Paperback Guide to Literature in English. Cambridge University Press. s. 125. ISBN 978-0-521-43627-4. 
  2. AllMusic review
  3. Entertainment Weekly review
  4. Rolling Stone review
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 22. august 2015. 
  7. Heylin, Clinton. Bob Dylan: The Recording Sessions, 1960-1994. Macmillan (1997), s. 8. ISBN 0-312-15067-9.
  8. Cavallo, Dominick. A Fiction of the Past: The Sixties in American History. St. Martin's Press (1999), s. 178-79. ISBN 0-312-21930-X.
  9. Gilliland, John (1969). «Show 31 – Ballad in Plain D: An introduction to the Bob Dylan era» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  10. «Bob Dylan». Chart Stats. Arkivert frå originalen 19. mars 2013. 
  11. «British album salstrofé – Bob Dylan – Bob Dylan». British Phonographic Industry.  Enter Bob Dylan in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go