John Bonham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Bonham
John Bonham 1975.jpg
Bonham spelar med Led Zeppelin i 1975
Verkeleg namn John Henry Bonham
Alias Bonzo, The Beast
Fødd 31. mai 1948
Redditch i Worcestershire
Død 25. september 1980 (32 år)
Clewer i Windsor i England
Instrument trommer, pauke, perkusjon, vokal
Sjanger Hardrock, heavy metal, bluesrock, folkrock
Aktive år 1962–1980
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Led Zeppelin, Band of Joy, Paul McCartney
Plateselskap Atlantic, Swan Song
Nettstad www.ledzeppelin.com

John Henry Bonham (31. mai 194825. september 1980) var ein britisk musikar og låtskrivar, mest kjend som trommeslagar i Led Zeppelin. Bonham er velrenommert for snøggleiken, krafta, den kjappe høgrefoten, den særeigne stilen og kjensla for grooven.[1] Han vert rekna som ein av dei største trommeslagarane i rockehistoria av mange trommeslagarar, andre musikarar og musikkeksperatar.[2][3][4][5]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Bonham vart fødd den 31. mai 1948 i Redditch i Worcestershire i England av Joan og Jack Bonham. Han starta å spele trommer då han var fem år gammal på forskjellige boksar, og etterlikna idola sine Gene Krupa og Buddy Rich. Mor hans gav han ei skarptromme i gåve då han var ti år gammal. Han fekk det føste trommesettet sitt frå faren då han var femten, eit Trixon-sett. Bonham gjekk aldri i lære for å spele trommer, men fekk råd i tenåra frå andre trommeslagarar i Redditch. I 1962–1963, då han framleis gjekk på skulen, vart Bonham med i Blue Star Trio,[6] og Gerry Levene & the Avengers.[7]

Bonham gjekk på Lodge Farm Secondary Modern School, der rektoren ein gong skreiv i skulerapporten sin at «Han vil anten ende opp som ein søppelkjørar eller millionær»[8][9] Etter han forlet skulen i 1964 arbeidde han med faren som snikkarlærling[10] medan han spelte trommer for forskjellige lokale band. I 1964 var Bonhan med i det første halv-profesjonelle bandet sitt, Terry Webb and the Spiders, og møtte den framtidige kona Pat Phillips kring same tid. Han spela òg i andre band i Birmingham som The Nicky James Sats og The Senators, som gav ut singelen «She's a Mod» i 1964. Bonham vart så musikar for fulltid og to år seinare vart han med i A Way of Life, men bandet vart snart inaktive. Desperat etter ei fast inntekt, vart han med i bluesgruppa Crawling King Snakes, der songaren var den unge Robert Plant.

I 1967 bad A Way of Life om at Bonham måtte kome attende til gruppa, og han gjorde det. I denne perioden opprettheldt han kontakten med Plant, og då Plant danna Band of Joy, var Bonham førstevalet som trommeslagar. Bandet spelte inn nokre demoar, men ingen album. I 1968 turnerte den amerikanske songaren Tim Rose i Storbritannia og inviterte Band of Joy som oppvarming. Då Rose kom attende nokre månader seinare, tilbaud han Bonham jobb i bandet sitt, noko som gav han fast inntekt.

Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Led Zeppelin.

Etter at The Yardbirds vart opplaust, starta gitarist Jimmy Page eit nytt band, då han rekrutterte Robert Plant, som igjen foreslo Bonham som trommeslagar. Page hadde tenkt på Procol Harum sin B.J. Wilson, og studiotrommeslagarane Clem Cattini og Aynsley Dunbar som sine val. Ginger Baker var òg rykta å stå på lista til Page. Då han såg Bonham spele trommer for Tim Rose på ein klubb i Hampstead, nord i London, i juli 1968, vart Page og manager Peter Grant med ein gong overbeviste om at han var perfekt for det nye prosjektet, først kjend som the New Yardbirds og sidan som Led Zeppelin.[11]

Bonham var i starten motvillig til å bli med i bandet.[12] Plant sendte åtte telegram til puben til Bonham i Walsal, før Grant sendte 40 telegram. Samstundes hadde Bonham lukrative tilbod frå artistar som Joe Cocker og Chris Farlowe. Bonham godtok til slutt tilbodet til Grant. Bonham sa seinare: «Eg likte musikken deira betre enn musikken til Cocker og Farlowe.»[13]

Under den første turneen deira i USA i desember 1968, var Bonham vener med Vanilla Fudge-trommeslagar Carmine Appice. Appice introduserte han for Ludwig-trommer, som han så nytta resten av karrieren. Bonham nytta dei lengste og tyngste trommestikkene som fanst, og refererte til dei som «tre». Den hardtslåande stilen hans kan høyrast på mange Led Zeppelin-songar, som «Immigrant Song» (Led Zeppelin III), «When the Levee Breaks» (Led Zeppelin IV), «Kashmir» (Physical Graffiti), «The Ocean» (Houses of the Holy) og «Achilles Last Stand» (Presence). Studioinnspelinga av «Misty Mountain Hop» fangar på perfekt måte kjensla hans for dynamikk og det same kan ein høyre i den presise tromminga på «No Quarter».

Den kjende trommesoloen hans, først kalla «Pat's Delight», og seinare «Moby Dick», varte ofte 30 minuttar og ofte spelte han berre med hendene for å få forskjellige lydeffektar. Etter 1969 nytta Bonham ofte congaar, pauker og gong i tillegg til det vanlege trommesettet. Bonham var òg den første som på konsert nytta elektroniske trommesynthesierar (truleg laga av Syndrum) under ei framføring av songen «Kashmir» i Dallas i 1977. Mange moderne rapparar sampla seinare trommene hans og nytta det i songane sine, som Beastie Boys, som sampla «Moby Dick», «The Ocean» og «When the Levee Breaks».[14]

Medan han var i Led Zeppelin var Bonham òg ein ivrig samlar av antikke sportsbilar og motorsyklar, som han hadde heime på familiegarden The Old Hyde. han kjøpte The Plough pub i den nærliggande landsbyen Shenstone.

Utanom Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å spele med Led Zeppelin spelte Bonham stundom òg for andre artistar. I 1969 spelte Bonham på The Family Dogg sitt A Way of Life, med Page og Jones. Bonham spelte òg for Screaming Lord Sutch på albumet Lord Sutch and Heavy Friends i 1970. Han spela trommer på Lulu-songen «Everybody Clap» i 1971. I 1972 spela han trommer på eit Maurice Gibb-produsert album av Jimmy Stevens kalla Don't Freak Me Out, tilskriven som Gemini (stjerneteiknet hans). Seinare i karrieren spela han trommer for venen Roy Wood på albumet On the Road Again frå 1979 og på Wings-albumet Back to the Egg'. Bonham var forlovar for Black Sabbath-gitarist Tony Iommi.[15]

I 1974 dukka Bonham opp i filmen Son of Dracula, der han spelte trommer i Count Downe (Harry Nilsson) sitt band.

Dødsfall[endre | endre wikiteksten]

Den 24. september 1980 vart Bonhan henta av assistenten Rex King for å øve med bandet i Bray Studios før ein turne i USA, den første i landet sidan 1977. Under reisa bad Bonham han om å stoppe for frokost, der han drakk fire firedoble vodkaer (seksten shots, mellom 400–560 ml). Han drakk sidan tett etter han kom til øvinga. På kvelden drog dei alle heim til Page, Old Mill House i Clewer, Windsor. Etter midnatt den 25. sovna Bonhan og vart slept i seng. Benji LeFevre (som erstatta Richard Cole som turnemanager for Led Zeppelin) og John Paul Jones fann han død dagen etter.[16] Bonham vart 32 år gammal. Dødsårsaka var kveling frå oppkast.[16] Dei fann ikkje spor av andre stoff i kroppen hans.[17] John Bonham vart kremert og sett i jorda den 12. oktober 1980 i Rushock soknekyrkje i Worcestershire.

Gravsteinen til John Bonham i Rushock med trommestikker som tilhengjarar har etterlate seg.

Trass i mediarykte om at bandet kom til å erstatte Bonhan, så valte resten av medlemmane å oppløyse Led Zeppelin då Bonham døydde. Dei gav ut ei pressemelding den 4. desember 1980 som stadfesta at bandet ikjke kom til å halde fram utan trommeslagarane deira.[18]

Familie[endre | endre wikiteksten]

John Bonham hadde to søsken, den yngre broren Mick Bonham (1951–2000) og den yngre systera Deborah Bonham (f. 1962), som er visesongar.

Bonham var gift med Pat Phillips og paret fekk to born, dottera Zoë Bonham (f. 1975), som er songar og låtskrivar og sonen Jason Bonham (f. 1966), ein trommeslagar som har hatt suksess med forskjellige band som UFO, Foreigner og Bonham. Ved fleire høve har han spelt med Led Zeppelin for faren, mellom anna på gjenforeiningskonserten til bandet den 10. desember 2007.

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Bonham vert ofte rekna som ein av dei største og mest påverkande rocketrommeslagarane i historia, og sjølv i dag toppar han ofte lister over dei største trommeslagarane. I 2007 kåra Stylus han til den beste på lista deira over dei 50 største trommeslagarane i rock,[2] det same gjorde nettmagasinet Gigwise.com i 2008,[4] og ei lesarundersøking i Rolling Stone vann han «med god margin» i 2011.[19] Bonham vart rangert på førsteplass på Classic Rock si liste frå 2005 over dei 50 største trommeslagarane i rock,[20] og magasinet Modern Drummer har skildra han som «den største rocke-trommeslagarane i historia»[3] I september 2008 toppa Bonham lista til Blabbermouth.net over «rockeartistar tilhengjarane helst ville hatt tilbake i live», føre Elvis Presley og Freddie Mercury.[21] Rhythm stemnde han fram som den største trommeslagaren nokon gong i oktober 2009.[22]

John Bonham har av Allmusic vorte skildra som ein av dei viktigaste, mest kjende og påverkande trommeslagarane innan rock.[1] Adam Budofsky, redaktør i Modern Drummer skriv «Om kongen av rock'n'roll var Elvis Presley, så var kongen av rocketrommeslagarane utan tvil John Bonham.»[23]

Påverknad på andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Mange trommeslagarar innan rock har omtalt John Bonhan som ei stor inspirasjonskjelde. Eit par av dei er Tony Thompson,[24] Dave Grohl,[25] Tommy Lee,[26] Peter Criss,[27] Stewart Copeland,[28] og Chad Smith.[29]

Fleire av desse trommeslagarane har forklart påverknaden til Bonhan, som Roger Taylor frå Queen, som sa:

Den største rocketrommeslagaren gjennom tidene var John Bonham, fordi han gjorde ting som ingen nokon gong hadde tenkt var mogeleg å gjere før på trommer. Og han hadde òg den beste lyden - dei høyrdest enorme ut, og berre éi basstromme. Han var så rask på den eine at han gjorde meir enn dei fleste andre kan gjere med tre, om dei hadde klart å spele på tre. Og han hadde teknikk og ei fantastisk kraft og ei enorm kjensle for rock`n`roll.[30]

Dave Grohl frå Foo Fighters, Nirvana og Them Crooked Vultures har sagt:

John Bonham spela trommer som nokon som ikkje visste kva som kom til å skje-som om han han balanserte på kanten av eit stup. Ingen har kome nær det sidan, og eg trur ikkje nokon nokon gong vil. Eg trur han vil vere den største trommeslagaren for alltid.[31]

Chad Smith frå Red Hot Chili Peppers sa:

For meg var John Bonham den beste rocketrommisen nokon gong. Stilen og lyden hans var så gjenkjenneleg. Uansett kva trommesett han spelte, så kunne du høyre at det var han.[32]

Charlie Watts frå The Rolling Stones fortalte Guitar Player:

John Bonham er den beste til å vere John Bonham og gjere det han gjer. Eller gjorde-uheldigvis, han er død. Han var den beste. Det var ingen som var betre enn John Bonham til å gjere det, og heldigvis har me nokre plater så du kan høyre det.[33]

Andre musikarar enn trommeslagarar har òg hylla Bonhan. John Paul Jones, som hadde eit tett musikalsk partnarskap med han som bassist i Led Zeppelin, sa at Bonham var ein «draum for ein bassist».[34] Jimmy Page sa òg:

Ein av dei fantastiske tinga med John var at han gjorde det veldig enkelt for meg som produsent fordi han verkeleg kunne stemme trommene sine, og veit du, det var ganske sjeldan for trommeslagarar i dei dagar. Han visste verkeleg korleis han skulle få instrumentet til å synge, og på grunn av det, kunne han få så mykje volum ut av dei berre med å spele med handledda. Det var ein forbausande teknikk som var ganske heilskapleg om du skjønar kvar eg meiner.[35]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 John Bonham Biography. Allmusic
  2. 2,0 2,1 Stylus Magazine's 50 Greatest Rock Drummers. Stylus Magazine
  3. 3,0 3,1 John Bonham at Modern Drummer Magazine. Modern Drummer Magazine
  4. 4,0 4,1 The Greatest Drummers Of All Time!. Gigwise.com
  5. Chris Welch. The John Bonham Story. Drum Magazine. Henta 27. mars 2011.
  6. Welch, Chris (2001). John Bonham: A Thunder of Trommer. San Francisco, Calif.: Backbeat. s. 19. ISBN 0-87930-658-0. 
  7. Bonham, Mick (2005). John Bonham: The Powerhouse Behind Led Zeppelin. London: Southbank Publ.. s. 31. ISBN 1-90491-511-6. 
  8. Ian Fortnam, "Dazed & confused", Classic Rock Magazine: Classic Rock Presents Led Zeppelin, 2008, s. 38.
  9. Chris Welch and Geoff Nicholls (2001), John Bonham: A Thunder of Trommer, s. 15.Google books (limited extracts) Henta 27. mars 2011
  10. ibid, s. 18.
  11. Mat Snow, “Apocalypse Then”, Q magazine, desember 1990, s. 76.
  12. Erlewine, Stephen Thomas. «Led Zeppelin Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p4739. Henta 27. mars 2011. 
  13. Davis, Stephen (4 July 1985). «Power, Mystery And The Hammer Of The Gods: The Rise and Fall of Led Zeppelin». Rolling Stone (451). 
  14. Duffell, Daniel. Making Music with Samples (2005): 181
  15. The Geezer Butler Interview
  16. 16,0 16,1 Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 92–94.
  17. John Bonham Biography
  18. Mick Wall (2005). No Way Out. s. 86. 
  19. Greene, Andy (February 2011). «Rolling Stone Readers Pick Best Drummers of All Time». Rolling Stone magazine. http://www.rollingstone.com/music/photos/rolling-stone-readers-pick-best-drummers-of-all-time-20110208. Henta 27. mars 2011. 
  20. Classic Rock Magazine Lists
  21. John Bonham tops list of rockers fans want brought back to life. Music Radar
  22. 50 greatest drummers of all time: part 2. MusicRadar.
  23. Adam Budofsky, The drummer: 100 years of rhythmic power and invention, Hal Leonard Corporation, ISBN 1-4234-0567-6, s.63.
  24. AllMusic Biography: Neil Peart
  25. The Immortals – The Greatest Artists of All Time: Led Zeppelin
  26. AllMusic Biography: Tommy Lee
  27. AllMusic Biography: Peter Criss
  28. AllMusic Biography: Stewart Copeland
  29. AllMusic Biography: Chad Smith
  30. John Bonham: Personal Quotes. IMDB
  31. Dave Grohl. The Immortals – The Greatest Artists of All Time: 14) Led Zeppelin. Rolling Stone
  32. Chad Smith. John Bonham: I'm in a Rock 'n' Roll Band. BBC Two
  33. Charlie Watts interviewed by Jas Obrecht
  34. Sam Rapallo, In Conversation with John Paul Jones, October 1997.
  35. National Public Radio, Gitar Legend Jimmy Page, June 2, 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Bonham