Gobiørkenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gobiørkenen
ørken
Land  Kina,  Mongolia
Kart
Gobiørkenen
42°30′ N 103°0′ E
Wikimedia Commons: Gobi Desert
Gobiørkenen.

Gobiørkenen er ein av dei største ørknane i verda. Han dekkjer sørdelen av Mongolia og norddelen av Folkerepublikken Kina i regionen Indre Mongolia. Ørkenen dekkjer om lag 1 295 000 km².

Gobiørkenen er ein relativt kald ørken, der ein stundom kan sjå rim og snjo på sanddynene. Dette kjem av at han ligg langt nord, og høgt oppe mellom 900 og 1500 moh. Temperaturane kan variera mellom - 40°C om vinteren og + 50°C om sommaren. Det kan også blåsa kraftig i ørkenen.

Av planteliv finn ein gras og buskar som toler turke. I den mongolske delen lever det nomadar som gjetarar i utkantane av ørkenen. No er dei for det meste fastbuande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.