Ningxia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regionen Ningxia si plassering i Kina

Níngxià, eller Ningxia Hui ( 宁夏 ) er ein autonom region i Folkerepublikken Kina. Provinsen har eit areal på 66 000 km². Folketalert vart i 2009 berekna til 6,22 millionar. Yinchuan ( 银川 ) er hovudstad i regionen. Ningxia grensar til provinsane Gansu i sør og Shaanxii aust, samt regionen Indre Mongolia i nord.

Ningxia er vennskapsregion med Sogn og Fjordane.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Ningxia består av fem byprefektur:

  • Yinchuan (银川市), 9.555 km², 1,38 mill. innbyggjarar, hovudstad;
  • Shizuishan (石嘴山市), 5.213 km², 730.000 innbyggjarar;
  • Wuzhong (吴忠市), 20.395 km², 1,1 mill. innbyggjarar;
  • Guyuan (固原市), 14.413 km², 1,51 mill. innbyggjarar;
  • Zhongwei (中卫市), 16.824 km², 1,02 mill. innbyggjarar.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.