Infante Manuel av Ourém

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grev Infante Manuel av Ourém eller Manuel José Francisco António Caetano Estêvão Bartolomeu (fødd 3. august 1697 i Lisboa, død 3. august 1766 i Quinta de Belas) var ein portugisisk infante (prins), og son av Peter II, konge av Portugal, og kona hans Marie-Sophie av Neuburg. Han var bror til kong Johan V av Portugal.

Manuel levde eit eventyrleg liv. 18 år gammal sneik han seg ombord eit engelsk skip på veg til Nederland. Broren, kong Johan V, gav ordre om at han skulle vende heim att, men han høyrde ikkje på han og reiste til Paris og sidan til Tyskland.

1. august 1716 tilbaud han tenestene sine til prins Eugene av Savoie, i kampen mot tyrkarane i Ungarn. Der kjempa han fire dagar seinare i slaget ved Petrovaradin der han vart lett skadd, men utmerkte seg. Han deltok òg i jakta på dei flyktande tyrkarane og kringsetjinga og erobringa av Timişoara.

I 1717 var han offisielt i den austerrikske armeen og kjempa under prins Eugene i erobringa av Beograd.

Etter freden i Passarowitz fekk han tittelen Maréchal de camp. Etter krigen reiste han frå hoff til hoff og levde livet, noko som inspirerte fleire forfattarar i samtida hans.

I 1728 var han ein av kandidatane til å gifte seg med den rike Maria Zofia Sieniawska med støtte av Habsburgarane i eit forsøk på å få ei sterk stilling i Polen, før det nye kongevalet.[1] Han vart til og med føreslått som ny konge av Polen i 1733, då den polske arvefølgjekrigen braut ut.[2]

Året etter vendte han attende til Portugal, der han levde resten av livet i Quinta de Belas i Lisboa, og førte eit sosialt aktivt liv omgjeven av forfattarar og kunstnarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Czartoryska z Sieniawskich Maria Zofia». Polski Słownik Biograficzny. http://www.wilanow-palac.art.pl/index.php?enc=1216. Henta 2010-09-01. 
  2. Paweł Sieradzki (12006). Obecność rodziny książąt Czartoryskich na ziemi jarosławskiej (The presence of the Czartoryski dukes in the land of Jarosław). Teka Komisji Historycznej OL PAN (99–123). s. 106.