Ing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ing eller Ingvaz er namnet på ein urgermansk gud med noko uklår identitet. Ein identifiserer han ofte med grødeguden Frøy, mellom anna fordi Snorre Sturlason seier i Heimskringla at Yngvi var eit anna namn for Frøy. Ynglingane i Ynglingesoga skulle difor stamma frå Frøy. Norrøne skaldekvad let ofte namnet Yngve vera eit heite for konge.

I den eldre fuþarken vart runa med lyden ng kalla Ing eller Ingwaz.

Det gamalengelske runekvædet skriv òg om denne runa:

Ing wæs ærest mid East-Denum
gesewen secgum. Oþ he siþþan east
ofer wæg gewat; wæn æfter ran.
þus heardingas þonne hæleđ nemndun.

Omsett: Ing vart først sett mellom aust-danene. Sidan fór han aust over havet. Vogna fór etter han. Soleis nemnde hardingane denne helten.

Tacitus nemner at Ingwaz var ein av tre stammefedrar for dei germanske folka. Dei andre var Irmin og Istvo. Ing var ættefar til Ingveonane, samleordet for folkeættene langsmed Nordsjøen: Anglarane, Danene, Sveane, Jydane. Islandske forskarar, mellom dei Bjarni Aðalbjarnarson, har lagt fram at det med tida gjekk føre seg ei samansmelting mellom ætteguden Ing og grødeguden Frøy, slik at dei samla vart til Yngve-Frøy. Opphavet til guden og namnet skriv seg då frå tidleg germansk tid, og ordet Ing er i dag nærast umogleg å tyde.

Historia Norvegiæ (Den eldste Noregshistoria) let Ynglingeætta byrja med Ing(ve), som her er far til guden Njord.

Namn avleidde av Ing[endre | endre wikiteksten]

Ing er ei forstaving i fleire nordiske namn:

Kvinnenamn Mannsnamn