Ingøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ingøya
Lokalt namn: Fávle-Iččát
Geografi
Norway - Ingøy.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 71°03′43″N 24°02′52″EKoordinatar: 71°03′43″N 24°02′52″E
Areal 18,1 km²
Høgaste punkt Mafjordfjellet (332 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Finnmark
Demografi
Folketal 27
Folketettleik 1,5 /km²

Ingøy (samisk: Fávle-Iččát) er ei øy i Måsøy kommune i Finnmark. Øya ligg nord for Rolvsøy. Ingøy har eit areal på 18,1 km², og det høgaste punktet på øya er Mafjordfjellet på 332 moh. Øya har 27 innbyggjarar.

Nord for Ingøy ligg Fruholmen fyr, som er den nordlegaste fyrstasjonen i verda. På Ingøy står den 362 meter høge radiomasta Ingøy kringkastar, som sender NRK sine radiosendingar til havområda nord for Finnmark. Radiomasta vart sett opp i 2000, og er det høgaste byggverket i Skandinavia.

Ingøy har hurtigbåtsamband til Havøysund, Rolvsøy og Hammerfest.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]