Inga Strümke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inga Strümke

Fødd1989
Gummersbach
NasjonalitetNoreg
Områdeforklarbar kunstig intelligens
Yrkepartikkelfysiker, AI-forsker, fysteamanuensis
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Simula Metropolitan Center for Digital Engineering
Alma materNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Universitetet i Bergen

Inga Strümke (fødd 1989) er ein norsk fysikar og KI-forskar ved Norwegian Open AI Lab på NTNU.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Inga Strümke vart fødd i Gummersbach i Tyskland.[2] Som fireåring flytta ho til Narvik der ho vaks opp. Ho fullførte vidaregåande skule ved Narvik, avdeling Frydenlund i 2007. Same haust byrja Strümke på NTNU der ho tok mastergrad i teoretisk fysikk i 2012.[3] Dinest tok ho doktorgrad i partikkelfysikk ved Universitetet i Bergen i 2019.[4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Strümke er førsteamanuensis og forskar innan maskinlæring, forklarbar kunstig intelligens og KI-etikk ved Norwegian Open AI Lab ved NTNU. Ho har tidlegare mellom anna yrkt med «ansvarlig AI» og algoritmerevisjon som rådgjevar for PwC.[5]

Inga Strümke er ein aktiv formidlar som jamnan vert brukt i media. Ho har mellom anna vore deltakar i Abels tårn, radioprogram om populærvitskap på NRK, og i teknologispalta i avisa Morgenbladet. I 2019 fekk ho formidlingsprisen til Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen.[6]

I 2023 gav Inga Strümke ut boka Maskiner som tenker.[7] Boka vart tildelt Brageprisen for årets beste norske sakprosabok.[8]

I november 2023 fekk ho Forskingsrådets formidlingspris på 500 000 kr.[9]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Inga Strumke - NTNU», www.ntnu.no, henta 6. april 2024 
  2. «Søken etter ny fysikk med maskinlæring og parametersøk», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 6. april 2024 
  3. «Inga Strümke». LinkedIn. Henta 6. april 2024. 
  4. Strümke, Inga (2. mai 2019), Parameter Scans and Machine Learning for beyond Standard Model Physics, The University of Bergen, henta 6. april 2024 
  5. «Inga Strümke: Norsk bio», strumke.github.io, henta 6. april 2024 
  6. «Inga når toppen med formidling i sekken», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 6. april 2024 
  7. «Magisk og skummelt om AI. Bokanmeldelse: Maskiner som tenker; Forsker på kunstig intelligens, Inga Strümke, treffer midt i blinken på tidsånden med denne boken.». www.vg.no (på norsk bokmål). 26. april 2023. Henta 26. april 2023. 
  8. «Brageprisen 2023: Her er vinnerne og årets beste bøker: - Ellevilt». www.vg.no (på norsk bokmål). 23. november 2023. Henta 23. november 2023. 
  9. «Inga Strümke har fått mange tilbud fra utlandet, men er mest opptatt av at det skal gå bra med KI i Norge». www.forskerforum.no (på norsk bokmål). Henta 17. november 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Inga Strümke