Ingebrigt Davik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingebrigt Davik (fødd 14. april 1925, død 29. januar 1991) var ein norsk forfattar, kringkastingsmann og barneunderhaldar. Han er mest kjend for historiene frå «Taremareby», ein serie med forteljingar og viser han debuterte med i NRK radios Barnetimen for dei minste i 1959.
Innhaldsliste |
[endre] Bakgrunn og arbeid
Ingebrigt Davik var frå øya Fjørtofta i Haram kommune på Sunnmøre. Han utdanna seg som lærar på Hamar, og sidan som musikkpedagog. Han byrja i radio i 1959 med forteljingane frå Taremareby, eit eventyrleg undervannssamfunn av skalldyr, fisk og vekster. Oppfølgjaren om Rokke-Gina kom i 1962. Seinare laga han barnetimar om det underlege i Lissomskogen og om måkefamilien i Kekkek og Kjia på Kjaholmen. Mykje av stoffet, spesielt om Taremareby og Rokke-Gina, blei også brukt i barneprogram på fjernsynet.
Ingebrigt Davik utga fleire barnebøker, både med historiene frå opplesningsseriene og visesamlingar med eigne og andre sine viser. Han omsette også fleire radiodramatiseringar av barnebøker til nynorsk.
Kulturhuset i Haram kommune, som ligg i Brattvåg, fekk namnet Ingebrigt Davik-huset da det blei opna 25. mars 2006.
[endre] Læreren
Mindre kjennt om Ingebrigt Davik var hans arbeide som lærer, i første rekke på Tonsenhagen Skole i Oslo. Som en meget flink pedagog, med kjempegod sans for humor og rettferdighet, var han en særdeles populær klasseforstander. Samtidig var han en selvfølgelig primus motor i skolens teater og sang liv. Flere av hans elevene spillte også i oppsetninger av Taremarby og The King and I på Det Norske Teater, samt i NRK's produksjoner av Dyrene i Hakkebakkeskogen og Kardemommeby. Mange elever har meget å takke han for, ikke minst hans egen evne til å se det beste i og å få maksimum ut av alle. Samtidig behandlet han sine klasser med omsorg og tålmodighet og sørget for at negative innvirkninger og urettferdige overgrep fra mindre tolerante lærerkrefter ble sterkt tilsidesatt.
[endre] Bøker
- 1960: Det hende i Taremareby. Forteljing og viser frå barnetimen - illustrert av Unni Lise Jonsmoen, utgitt på Noregs Boklag, gjenutgitt i 1979 med illustrasjonar av Anna Tystad Aronsen, utgitt på dansk som Det skete i Tange-Lange-land i 1967
- 1962: Rokke-Gina. Forteljing og viser frå barnetimen og fjernsynet - illustrert av Tove Bertet, Noregs Boklag
- 1964: Vind i mitt segl. Viser frå radio og fjernsyn - illustrert av Unni-Lise Jonsmoen, Det Norske Samlaget
- 1967: Muffe og jula - llustrert av Ulf Aas, Samlaget
- 1971: Wangthai-barna - illustrert av Tonje Strøm Aas
- 1981: Sommaren med dyra på Brattåsen - utgåver både på nynorsk og bokmål
- 1983: Syng og leik i solskin og sølevêr
- 1985: Dagbok utan slutt. Eit lite skodespel til ettertanke - skodespel om mobbing, både på nynorsk og bokmål
- 1988: Den lange reisa til Betlehem
[endre] Plateinnspelingar
- 1960: Det hende i Taremareby - utgitt på plateselskapet Philips
- 1962: Ingebrigt Davik forteller og synger om Kekk-Kekk og Kjia på Kjaholmen/Rokke-Gina og andre viser - Norsk Grammofonkompani
- 1963: Rokke-Gina - Norsk Grammofonkompani
- 1965: I Lissomskogen - Philips
- 1971: Det hendte i Taremare by/I Lissomskogen- Fontana
- 1972: Kom skal vi synge - med Åse Thoresen, Karusell (plateselskap)
- 1974: Kjære, kom og dans med meg - med Åse Thoresen, Karusell
- 1980: I solskinn og sølevær - Philips
- 1998: Hit eit steg - samleplate, Milligram (plateselskap)

