Inguri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inguri
Andre namn abkhasisk Ингур, Ingur; georgisk ნგური, Enguri; russisk Ингури, Inguri
Inguridalen i Svaneti
Inguridalen i Svaneti
Utspring Store Kaukasus
Munning Svartehavet
Land i nedslagsfelt Georgia Georgia
Lengd 213 km

Inguri er ei elv vest i Georgia. Ho er 213 km lang og har sitt utspring på grensa til den autonome republikken Abkhasia. Elva spelar ei viktig rolle for vasskraftproduksjonen i området.

Elva har sitt utspring høgt i Kaukasusfjella nær det høgaste fjellet i Georgia, Sjkhara, og snor seg gjennom fjelldalane mot nordvest før ho snur sørvestover og munnar ut i Svartehavet nær Zugdidi.

Etter den georgisk-abkhasiske konflikten (1992-1993) har både Georgia og Abkhasia troppar langs elva. Russland har òg fredsbevarande styrkar her. Det einaste lovlege kryssingspunktet er den 870 meter lange Inguribrua, som vart bygd av tyske krigsfangar frå 1944 til 1948. Det finst òg fleire ulovlege overgangar over elva.

Elva spelar ei viktig rolle i georgisk kraftproduksjon. I 1988 vart Inguridemningen bygd med ei høgd på 240 meter. Dette er den største konstruksjonen i Kaukasus. Han har ein kapasitet på 1,1 millionar kubikkmeter vatn, og vasskraftverket produserer 4,5 millionar kW energi per år, om lag 40 % av den nasjonale energiproduksjonen. Kapasiteten er 1 300 megawatt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]