Inka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av Manco Cápac. Teikna av Guaman Poma på 1600-talet.

Inka, (quechua Inka; individ), eller Sapa Inka er ein tittel på herskaren av «kongeriket Cuzco» (ca 1200–1438), seinare inkariket, Tawantinsuyu (14381533).

Sjølv om inkatittelen gjekk i arv, i første ledd frå solguden og skaparen Inti til Manco Capac, var alle inkaene rekna som søner av sola i ein slags sakral rolle.

Omgrepet inka tyder òg herskar, konge eller keisar. I ei snever meining er det berre herskarane som kan kallast inkaer. Men i ei vidare tyding nyttar vi omgrepet om heile ætta åt inkaene og alle menneske som tok del i skipinga av Tawantinsuyu, ein elite. Ein snakkar ikkje om eit «inkafolk» som ei gruppe av alle menneske i riket. Tvert om var folket i Tawantinsuyu frå utallige etniske grupper, kan hende med hundrevis av ulike språk.

Liste av alle inkaer[endre | endre wikiteksten]

Nr Namn Om inkaen
Periode med legender som herskarar, ca 1200–1438, usikre kjelder
1 Manco Cápac Den første inkaen og grunnleggjaren av kongeriket, tidfesta til ca. år 1200. Var født av solguden Inti, og kom frå innsjøen Titicaca etter ei av segna. Regjerte i Cuzco.

Han vart gift med «si eige søster» Mama Huaco.

2 Sinchi Roca Erobra byer i Collasuyo, sør for Cuzco.
3 Lloqui Yupanqui Utvida territoriet.
4 Mayta Cápac Heldt fram med erobringar.
5 Cápac Yupanqui Hadde for vane å helse far sin, sola, kvar dag.
6 Inca Roca Erobra heile Antisuyo i Cuzco-regionen og innførte skikken med å tygge kokablad.
7 Yáhuar Huácac Erobra og undertrykte Contisuyo i Moquegua-regionen.
8 Inka Viracocha Et slags orakel som skal ha sett at spanjolane ville komme.
Periode med historiske personar som herskarar, 1438-1533
9 Pachacútec Inka Yupanqui
(1438-1471)
Sette i gang den uvanleg snøgge og kolossale territoriale utvidinga av riket som skjedde frå 1463 til 1493. Erobra fjellområde, inklusive byen Cajamarca. Var ein stor administrator. Innførte quechua som offisielt språk. Drap bror sin Cápac Yupanqui.
10 Túpac Yupanqui
(1471-1493)
Hærferd mot nord med > 200 000 soldatar. Tok Quito-området, kystområde med Puná. Så sør til Bolivias høgfjell og i dagens Chile ned til 35° sørleg breidde.
11 Huayna Cápac
(1493-1525)
Førte til endes ekspansjonen av riket. Fullførte Sacsayhuamán-festninga utanfor Cuzco. Var ein hard og nådelaus leiar. Arkitekt for festningar og andre bygg. Var ein stor administrator. Døyde i ein stor epidemi. Ved hans død i 1525 blei riket splitta.
12 Huáscar
(1525-1533)
Rettmessig arving av trona. Vart myrda av Atahualpa sine offiserar då begge sett i fangenskap.
13 Atahualpa
(1532-1533)
Halvbror åt Huáscar. Kan ha vore den som Huayna ønskte som tronarving. Oppheldt seg i Quito då Huayna døyde. Starta hærferd sørover tidleg i 1532 og borgarkrigen vart sett i gang. Erobra provinsen Cañaris. For søretter i ein omsynslaus ferd, kom til Cajamarca, tok Huáscar til fange før Pizarro kom. Var uvæpna då han blei fanga av Pizarro under slaget i Cajamarca. Dømt til døden ved brenning, men lét seg døype, og fekk kveling.