Innsjøar i Litauen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Detaljert fysisk kart over Litauen

Dei flest av innsjøane i Litauen er små. Det er om lag seks tusen innsjøar og vatn i alt og halvparten av dei er mindre enn 5 000 kvadratmeter. Alle innsjøane utgjer totalt 950 km² eller 1,5 % av landområdet til Litauen Innsjøane er ikkje spreidd jamt utover landet og dei fleste ligg i det baltiske høglandet som går frå grensa til Polen og langs grensa med Kviterussland og Latvia.

Om lag 1 200 av dei får berre vatn via grunnvatnet og har ingen elvar eller bekkar som renn inn eller ut av seg. Det finst mange innsjøar som er forbunde saman via kompliserte passasjar og bekkar. Slike innsjøsystem er ein stor turistattraksjon i Aukštaitija nasjonalpark det det vert drive med kajakkpadling. I tillegg er område som Molėtai stader der mange innbyggjarar i Vilnius har bygd fritidsbustadar ved dei mange innsjøane.

Største innsjøar[endre | endre wikiteksten]

# Naturlege innsjøar Kunstige innsjøar
Namn Areal (km²) Djup (m) Merknad Namn Areal (km²) Elvar År ferdig
1 Drūkšiai 44,8 33,3 Delt med Kviterussland, reservoar for Ignalina atomkraftverk Kaunaslagunen 63,50 Nemunas 1959
2 Dysnai 24,39 6,0 Antalieptėlagunen 15,72 Šventoji 1959
3 Dusia 23,34 31,7 Elektrėnailagunen 13,89 Strėva 1962
4 Vištytis 17,9 52 Delt med Russland (Kaliningrad oblast), den høgastliggande innsjøen (170 moh) Kupiškislagunen 8,28 Lėvuo 1984
5 Sartai 13,31 20,9 Lengste kystlinje (79 km), kjend for hesteløpa på isen Kapčiamiestislagunen 7,17 Nieda 1957
6 Luodis 13,02 18,4 Bubiailagunen 4,18 Dubysa 1978
7 Metelys 12,86 15,0 Širvėna 3,35 Apasčia 1580
8 Avilys 12,58 13,5 Har flest øyar (31) Kruonislagunen 3,06 - 1992
9 Plateliai 12,04 46,0 Størst i Samogitia Aukštadvarislagunen 2,93 Verknė 1960
10 Rėkyva 11,84 4,5 Delar av byen Šiauliai Balskailagunen 2,8 Jūra 1963

Andre innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Trakai slott, på ei øy i ein innsjø
  • Asveja er den lengste innsjøen. Med alle buktene er lengda nesten 30 km. Han er òg den tredje djupaste (50,2 m).
  • Tauragnas er den djupaste innsjøen med 60,5 meter.
  • Baluošas har ei lita øy, som igjen har eit lite vatn.
  • Žuvintas er eit strengt verna reservoar. Han er den grunnaste innsjøen (3 m) og inneheld mange vadefuglar, men står i fare for å verte ei myr.
  • Galvė har ei øy der slottet Trakai står.
  • Krokų Lanka er den einaste innsjøen i Litauen med marint opphav.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Innsjøar i Litauen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]