Isambard Kingdom Brunel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brunel noko før Great Eastern vart sett i drift

Isambard Kingdom Brunel (9. april 180615. september 1859) var ein britisk ingeniør. Brunel var med på ei rad byggjeprosjekt i Storbritannia. Mellom anna bruer, dampbåtar, jarnvegar og tunnelar. Han er mest kjend for bygginga av Great Western Railway, den store vestjarnvegen, mellom vestre England og Wales og London.

Brunel var ein nyskapar som ikkje alltid lukkast, men likevel var først ute med mange løysingar på gamle byggeproblem. Han bygde den første tunnelen under ei farbar elv og utvikla den første propelldrivne dampbåten, som òg var det største skipet bygd til då.[1]

Brunel vart i ei kåring organisert av BBC kåra til den nest viktigaste briten gjennom tidene (etter Winston Churchill).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Humphreys, Rob. The Rough Guide To London, Rough Guides, 2003. ISBN 1-84353-093-7
  2. BBC News Churchill voted greatest briton Retrieved Feb. 11, 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]