Ishockey-VM 1958

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i ishockey 1958 fann stad på Jordal Amfi i Oslo og gjekk føre seg i dagane frå 28. februar til 9. mars 1958. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest i innbyrdes oppgjer. Canada vart verdsmeister etter å ha vunne alle sine sju kampar, framfor Sovjetunionen på sølvplass og med Sverige på bronseplassen. Noregs landslag vart nummer sju.

Canada slo Sovjetunionen 4-2 i kampen som avgjorde gullstriden. Både den kampen og kampen Noreg - Polen, som enda 8-3, vart spelt den 9. mars. Canada sitt mannskap bestod av spelarar frå klubblaget Whitby Dunlop, med venstrevengen Sid Smith som den mest kjende.

Tabell[endre | endre wikiteksten]

Lag Kampar Siger Uavgj. Tap Mål Poeng
 Canada 7 7 0 0 82 - 6 14
 Sovjetunionen 7 5 1 1 44 - 15 11
 Sverige 7 5 0 2 46 - 22 10
 Tsjekkoslovakia 7 3 2 2 21 - 21 8
 USA 7 3 1 3 29 - 33 7
 Finland 7 1 1 5 46 - 22 3
 Noreg 7 1 0 6 12 - 44 2
 Polen 7 0 1 6 14 - 65 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]