Isoroku Yamamoto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isoroku Yamamoto

Isoroku Yamamoto (4. april 188418. april 1943) leia den keisarlege japanske marinen dei fire første åra av den andre verdskrigen. Yamamoto vart drepen under ei inspeksjonsreise då flyet han var ombord i vart skoten ned av amerikanske fly. Isoroku Yamamoto er rekna for å vere den største sjøkrigsstrategen i Japan og blant dei største sjøkrigsstrategar i historia.

Bakgrunn og unge år[endre | endre wikiteksten]

Yamamoto vart fødd Isoroku Takano i Nagaoka i prefekturet Niigata. Fara hans var ein samurai av lågare rang. Isoroku byrja på den japanske sjøkrigsskulen i Hiroshima i 1901 og vart uteksaminert i 1904. Under den russisk-japanske krigen i 1905 deltok han som fenrik ombord på kryssaren «Nisshin» i slaget ved Tsushima mot den russiske austersjøflåten. Han mista to fingrar på venstre hand under slaget. Etter slaget hadde han fleire turar til sjøs.

I 1911 tok han B-kursa på marinen sin stabsskule og i 1916 tok han A-kurset; han var tydeleg ei stigande stjerne. I 1916 vart Isoroku adoptert inn i Yamamoto-familien og tok familienamnet. Det var ein vanleg skikk blant japanske familiar som mangla søner å adoptere nokre for å bere familienamnet vidare. I 1918 gifta Isoroku Yamamoto seg med Reiko; han fekk fire born med henne, to søner og to døtrer.

Frå 1919-21 studerte han ved Harvard i USA, etter det vart det ny sjøteneste med utanlandstokt til Europa og USA. I 1924 vart han beordra til flyvåpenet til den japanske marinen. Yamamoto lærde seg å fly og vart tidleg overtydd om at flymakt ville avgjere neste krig.

I åra 1925-28 tenestegjorde han som marineattaché i Washington, DC, arbeidet der utvida dei gode kunnskapane han alt hadde om USA. Vel tilbake i Japan vart han beordra som sjef for hangarskipet «Akagi» med grad som kontreadmiral, deretter det tekniske byrået til marinedepartementet og såg igjen sjøteneste ved første hangarskipsdivisjon. Etter at han hadde delteke ved London Naval Conference med grad som viseadmiral vart han igjen beordra til flyvåpna til marinen i 1935.

Yamamoto vart utnemnt til visemarineminister i 1936 og han hadde den stillinga inntil han vart sjef for dei japanske sjøstridskreftene. Yamamoto vart utnemnt til admiral i 1940.

Admiral Isoroku Yamamoto, bilete teke etter 1940, medan han var øvstkommanderande for den keisarlege japanske marinen

Ein motvillig soldat[endre | endre wikiteksten]

Politisk var Isoroku Yamamoto ei «due» og han var sterkt kritisk til ein mogleg krig mot USA; han hadde nøye studert den industrielle kapasiteten til USA og var overtydd om at Japan ville tape ein eventuell konfrontasjon. Yamamoto var mot invasjonen til Japan av Mandsjuria i 1931, den vidare åtakskrigen mot Kina og alliansen med Tyskland og Italia i 1940. Yamamoto vart særs upopulær blant japanske militaristar og noko av grunnen til at han igjen fekk sjøteneste i 1939 var for å sikre han mot attentat. Yamamoto åtvara statsminister Fumimaro Konoe om konsekvensane av krig med USA:

Eg kan garantere at eg vil vere ein tøff motstandar dei første seks månadene, men eg har absolutt inga tillit til kva som vil skje om krigen varar i to eller tre år... Eg håpar du vil gjere alt for å unngå krig med USA.

Det skulle vise seg at utsegnene hans var uhyggeleg presist, det japanske tapet i slaget ved Midway (vanlegvis rekna som vendepunktet i stillehavskrigen) kom nestan på dagen seks månader etter det japanske åtaket på Pearl Harbor.

Yamamoto var motstandar av bygginga av superslagskipa «Yamato» og «Musashi», dei tok for store ressursar og nytten var etter meininga hans avgrensa. Yamamoto var pådrivar for ei rekkje betringar innan flyvåpenet til den japanske marinen, spesielt utviklinga av «G3M» og «G4M» mellomstore bombefly. For å konsentrere slagkraft reorganiserte han dei seks japanske hangarskipa i ei gruppe; eit grep som skulle vise seg å ha både fordeler og ulemper. Strategien bak overraskingsåtaket på Pearl Harbor var òg Yamamotos verk; tanken var å påføre USA eit så øydeleggjande slag i opninga av konflikten at ein for Japan kunne oppnå gunstig fred.

Suksess og nederlag[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk P-38 Lightning, som skaut ned admiral Isoroku Yamamoto

Angrepet til den japanske marinen på Pearl Harbor var ein stor taktisk suksess; men ein strategisk fiasko - det isolasjonistiske USA vart kasta inn i krigen. Dei første månadene etter Pearl Harbor avanserte Japan på brei front og la under seg store delar av Søraust-Asia; men korkje USA eller Storbritannia var villig til å forhandle. Den vidare strategien til Japan vart at hæren avanserte vidare inn i Burma mot India, medan marinen utvida området sitt i Stillehavet for å kutte sambandslinjene mellom Australia og USA. I dette var øya Midway sentral og Yamamoto planla ein operasjon mot Midway der US Navy skulle narrast i ei felle og nedkjempast. Ukjent for japanarane hadde US Navy brote kodeboka deira og kjende detaljane i åtaket; resultatet vart at ein underlegen amerikansk styrke utraderte dei japanske hangarskipa i slaget ved Midway.

Etter dei øydeleggjande tapa ved Midway planla Yamamoto å angripe Samoa og Fiji for å truge forsyningslinjene til Australia med USA. Amerikanarane sette likevel inn eit motåtak mot Guadalcanal som avskar dei fremste japanske styrkane sine høve til å avansere.

Etter Guadalcanal var styrkane til Yamamoto tvinga til ein forsvarskrig som japanske krigspel hadde vist at dei til sist ville tape; initiativet var no på amerikanske hender.

For å auke moralen til dei japanske styrkane etter nederlaget ved Guadalcanal bestemde Yamamoto seg for å personleg inspisere fronten. US Navy fanga opp meldinga om ferda til Yamamoto og det vart avgjort at ein skulle freiste å skyte ned flyet med admiralen.

Avstanden til næraste amerikanske base var så stor at berre «P38 Lightning» med ekstra droptankar hadde tilfredsstillande rekkjevidd til å nå fram. Den 18. april 1943 vart flyet til Yamamoto med jagareskorte angripe av 18 amerikanske «P38 Lightning» og flyet hans vart skoten ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Isoroku Yamamoto» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • Agawa, Hiroyuki; Bester, John (trans.). The Reluctant Admiral. New York: Kodansha, 1979. ISBN 4-7700-2539-4.
    • Davis, Donald A. Lightning strike: The Secret Mission to Kill Admiral Yamamoto og Avenge Pearl Harbor. New York: St. Martin's Press, 2005. ISBN 0-312-30906-6.
    • Dull, Paul S. A Battle History of the Imperial Japanese Navy, 1941–1945. Annapolis, Maryland: Naval Institute Press, 1978. ISBN 0-87021-097-1.
    • Glines, Carroll V. Attack on Yamamoto (1st edition). New York: Crown, 1990. ISBN 0-517-57728-3.
    • Hoyt, Edwin P. Yamamoto: The Man Who Planned Pearl Harbor. New York: McGraw-Hill, 1990. ISBN 1-58574-428-X.
    • Lundstrom, John B. The First Team: Pacific Naval Air Combat from Pearl Harbor to Midway. Annapolis, Maryland: Naval Institute Press, 1984. ISBN 0-87021-189-7.
    • Miller, Edward S. War Plan Orange: The U.S. Strategy to Defeat Japan, 1897–1945. Annapolis, Maryland: Naval Institute Press, 1991. ISBN 0-87021-759-3.
    • Peattie, Mark R. Sunburst: The Rise of Japanese Naval Air Power, 1909–1941. Annapolis, Maryland: Naval Institute Press, 2002. ISBN 1-55750-432-6.
    • Prados, John. Combined Fleet Decoded: The Secret History of American Intelligence and the Japanese Navy in World War II. Annapolis, Maryland: Naval Institute Press, 2001. ISBN 1-55750-431-8.
    • Ugaki, Matome; Chihaya, Masataka (trans.). Fading Victory: The Diary of Admiral Matome Ugaki, 1941-45. Pittsburgh: University of Pittsburgh Press, 1991. ISBN 0-8229-5462-1.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]