Ivano-Frankivsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 48°55′0″N 24°43′0″E
Ivano-Frankivsk
Івано-Франківськ
by
none
flagg
våpen
Oblast Ivano-Frankivsk oblast
høgd 244 moh
koordinatar 48°55′0″N 24°43′0″E
Areal 151,73 km²
Folketal 218 359 (2001)
 - storby 240 768
Tettleik 1 439 / km²
Grunnlagd 1650
 - Byrettar 1662
borgarmeister Viktor Anusjkevytsjus
Postnummer 76000
Retningsnummer +380 342
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.mvk.if.ua

Ivano-Frankivsk (ukrainsk Івано-Франківськ; tidlegare Stanyslaviv,[1] Stanislau eller Stanisławów) er ein historisk by i Vest-Ukraina.[2] Han er administrasjonssenter i Ivano-Frankivsk oblast (provins).

Han vart bygd på midten av 1600-talet som ei privat festning for Potocki-familien, og med delinga av Polen i 1772 gjekk han til Det austerrikske imperiet. Det var i denne perioden festninga vart omgjort til ein av dei viktigaste byane i lågberga ved Karpatane. Etter første verdskrigen var han ei kort stund mellombels hovudstad i Den vestukrainske folkerepublikken, før Stanisławów vart ein del av Den andre polske republikken. I byrjinga av andre verdskrigen vart byen «frigjort» av sovjetiske styrkar før Nazi-Tyskland okkuperte byen. Med frigjeringa av Ukraina i 1944 vart byen ein del av Sovjetunionen dei neste 45 åra. Nokre år før oppløysinga av Sovjetunionen vart det blågule flagget reist i byen som eit symbol på det sjølvstendige Ukraina.

I dag er det spor etter fleire kulturar i Ivano-Frankivsk, med eit polsk rådhus, eit austerriksk forretningssenter og sovjetiske bustadblokker.

Byen ligg i Karpatane nordaust i fjellkjeda, kring 120 meter over havet. Dei nærmaste byane er Tysmenytsia som ligg mindre enn 10 km mot aust, Tlumatsj i aust, Nadvirna i sør, Kalusj i vest og Halytsj i nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Sad End of the Orange Revolution, Der Spiegel (14 januar 2010)
  2. «The City of Ivano-Frankivsk». sbedif.if.ua. http://www.sbedif.if.ua/city/src/city.en.htm. Henta 15. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ivano-Frankivsk
  • mvk.if.ua – Offisiell side for Ivano-Frankivsk