Ivar Berntsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Berntsen
Fødd10. desember 1875
Glemmen kommune
Død16. mai 1948 (72 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, underoffiser
Alle verv

Ivar Berntsen (10. desember 187516. mai 1948) var ein norsk kontor- og bankmann og politikar, fødd i Glemmen i Østfold. Han var stortingsmann for Høgre valbolken 1919-21.

Ivar Berntsen var son til ein båtsmann. Han var sjølv sjømann i ungdomen. 1894-97 utdanna han seg til underoffiser i Halden. Elles var han i yngre år sysselsett ved snikkarverkstaden til Kværner Brug i hovudstaden, dessutan arbeidsformann ved ein sekkefabrikk i same byen. Etter å ha arbeidd på eit kontor i Fredrikstad, var han politisekretær i byen frå 1901. I 1908 vart han tilsett heradskasserar i det nye Kråkerøy herad, jamsides var han likningssekretær og fattigforstandar i heradet. Frå 1917 hadde han kasserarjobben i Glemmen og Kråkerøy Sparebank til han trekte seg tilbake i 1944.

Ved stortingsvalet 1918 vart Berntsen vald til å representere einmannskrinsen Glemmen («Glemminge») i tingperioden 1919-21. Han vart vald på eit Høgre-program. På Stortinget var han medlem i Sosialkomitéen. I Krakerøy hadde han posisjonen som varaordførar 1922-?

Kjelder[endre | endre wikiteksten]