Ivar Orgland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Carl Ivar Orgland (13. oktober 192116. juni 1994) var ein norsk lyrikar, gjendiktar og ordbokredaktør. Han var frå Oslo, og er gravlagd i Vindafjord kommune i Rogaland.

Han debuterte som lyrikar med diktsamlinga Lilje og sverd i 1950, og gav ut i alt 15 eigne diktsamlingar. Han stod bak 23 diktbøker med gjendikting frå islandsk, éi frå Gotland og éi frå Færøyane (Janus Djurhuus). Orgland gjendikta både samtidslyrikk og mellomalderkvad. Ivar Orgland arbeidde som høgskolelektor i norsk i Reykjavík før han frå 1962 til 1969 var lektor i norsk ved Universitetet i Lund.

Han utgav i 1981 språkkurset Lær litt islandsk; og saman med Fredrik Raastad utgav han i 1985/1992 Islandsk-norsk ordbok og i 1993 Norsk-íslensk orðabók.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]