Jakob Poulsen
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Jakob Poulsen | |
| Fødselsdato | 7. juli 1983 | |
| Fødestad | Varde i Danmark | |
| Høgd | 182 cm | |
| Posisjon | Midtbane | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | FC Midtjylland | |
| Draktnummer | 9 | |
| Ungdomsklubb | ||
| - 1999-2002 |
||
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2002-06 2006-08 2008-10 2010- |
104 (19) 57 (3) 54 (10) 0 (0) |
|
| Landslag** | ||
| 2003-06 2009- |
16 (1) 15 (1) |
|
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Jakob Poulsen (fødd 7. juli 1983 i Varde sør på Jylland) er ein dansk fotballspelar, som spelar for FC Midtjylland i den danske fotballigaen, og for det danske landslaget.
Klubbkarriere [endre]
Poulsen begynte å spela fotball i Næsbjerg, før han gjekk til Esbjerg. I 2006 vart han selt til nederlandske Heerenveen. Sommaren 2008 fekk han veta at han ikkje var med i framtidsplanane for førstelaget til Heerenveen, og han fekk gå til AGF i Århus, der han skreiv under på ein fireårskontrakt.
Landslagskarriere [endre]
I januar 2009 kom Poulsen med i ein dansk ligalandslagstropp til ein bortekamp mot Thailand. Her gjorde han så godt inntrykk at han vart teken ut til det danske A-landslaget til ein venskapskamp mot Hellas, 4. februar 2009. Han vart då den første AGF-spelaren på A-landslaget på 12 år. Han debuterte som innbytar på ein uvant høgreback-plass 60 minutt ut i kampen. Seinare på våren fekk han spela i VM-kvalifiseringskampen mot Albania, og då nokon etablerte landslagsspelarar måtte melda fråfall til den avgjerande kvalifiseringskampen mot Sverige i juni same året, fekk Poulsen sin debut frå start. Han fekk gjennombrotet sitt på landslaget i eit 1-2-tap mot Chile 12. august 2009, då fleire kommentatorar utropte han til den beste danske spelaren. I den sjuande landskampen sin vart Poulsen matchvinnar då han sikra Danmark si kvalifisering til fotball-VM i 2010 med målet som gav 1-0-siger til Danmark over Sverige.
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå dansk wikipedia 12. april 2010.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Sørensen • 2 C. Poulsen • 3 Kjær • 4 Agger • 5 Kvist • 6 Jacobsen • 7 Jensen • 8 Grønkjær • 9 Tomasson • 10 Jørgensen • 11 Bendtner • 12 Kahlenberg • 13 Krøldrup • 14 J. Poulsen • 15 S. Poulsen • 16 Andersen • 17 Beckmann • 18 Larsen • 19 Rommedahl • 20 Enevoldsen • 21 Eriksen • 22 Christiansen • 23 Mtiliga • Trenar: Olsen |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Andersen • 2 C. Poulsen • 3 Kjær • 4 Agger • 5 S. Poulsen • 6 Jacobsen • 7 Kvist • 8 Eriksen • 9 Krohn-Dehli • 10 Rommedahl • 11 Bendtner • 12 Bjelland • 13 Okore • 14 Schøne • 15 Silberbauer • 16 Lindegaard • 17 Pedersen • 18 Wass • 19 J. Poulsen • 20 Kahlenberg • 21 Zimling • 22 Schmeichel • 23 Mikkelsen • Trenar: Olsen |
||