Jean Jaurès

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jean Jaurès

Jean Léon Jaurès (3. september 185931. juli 1914) var ein leiande fransk sosialist. Han er særleg kjend for å ha prøvd å hindre storkrigen som braut ut i 1914. Jaurès var akademikar, og sat i nasjonalforsamlinga i fleire periodar. Han var mellom anna aktiv i kampen for å få sett fri den uskuldig dømde jødiske offiseren Dreyfus i den vidgjetne Dreyfus-saka, og i kampen for å skilje kyrkje og stat, noko som lukkast i 1905.

Dei franske sosialistane var kløyvde i fleire grupper på slutten av 1800-talet. Jaurès arbeidde for å sameine dei, og lukkast med det i 1905, med skipinga av Parti Socialiste Unifie - Section Francaise de l'Internationale Ouvriere. Hovudorganet til det sameinte sosialistpartiet var avisa l'Humanite, grunnlagd av Jaures året før. Denne avisa finst framleis.

Jaures stod i den republikanske tradisjonen frå den store franske revolusjonen i 1789 og framover. Han såg sosialismen som ei fullføring av demokratiseringa av samfunnet.

Jaurès er blitt feilaktig framstilt som pasifist, men var anti-militarist. Han ville omdanne militærvesenet i retning av eit heimevernsforsvar, noko han la fram i boka Den nye hæren i 1910. Ein slik milits ville vere sterk i forsvar, men uråd å bruke mot eiga befolkning og til angrep på andre land, meinte Jaurès.

Dette var eit ledd i det som blei Jaurès' største og siste kamp, kampen mot krigen som trua. Jaures prøvde fleire gonger å få den Andre Internasjonalen til å vedta samtidig generalstreik i alle krigførande land tilfelle krigsutbrot, men utan å lykkast i å få forpliktande vedtak. Han tala og skreiv mykje mot krigsfaren. I høgreavisene blei Jaurès kalla «landssvikar» og «tysk agent», og den 31. juli 1914 blei Jean Jaurès skoten og drepen av ein høgrenasjonalist. Dagen etter braut første verdskrigen ut. Mordaren, Raoul Vilain, sat fengsla under heile krigen, men blei frifunnen i 1919 i ei kontroversiell rettsavgjerd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]