Andre Internasjonalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Andre Internasjonalen var ei samanslutning av sosialistiske parti hovudsakleg i Europa mellom 1889 og første verdskrigen. Det leiande partiet i Internasjonalen var det tyske sosialdemokratiske partiet SPD, både i kraft av oppslutninga det hadde i landet og i kraft av den teoretiske tyngda si, med medlemmer som Karl Kautsky, Eduard Bernstein og Rosa Luxemburg.

Andre Internasjonalen bestod av breie masseparti, og medlemspartia hadde på det meste om lag 3,5 millionar medlemmer og ei oppslutning ved val på om lag 12 millionar veljarar. Dei viktigaste medlemspartia var det tyske sosialdemokratiske partiet SPD og det franske sosialistpartiet PS-SFIO (Parti Socialiste - Section Francaise de l'Internationale Ouvriere).

SPD og SFIO[endre | endre wikiteksten]

Det som prega det tyske sosialdemokratiske partiet SPD og dermed også eit stykke på veg Internasjonalen, var ein slags «sentrisme», der ein i ord følgde ein ortodoks marxisme, mens ein i praksis utvikla ein pragmatisk reformisme. Dette var særleg utprega der fagforeiningane stod sterkt, som i Tyskland.

Det franske sosialistpartiet PS-SFIO var med Jean Jaures i brodden frå 1905 mindre prega av eit dogmatisk forhold til marxistisk teori, men og mindre byråkratisk og meir aktivt i å prøve å organisere motstand mot den trugande storkrigen. Det tyske partiet danna seg liksom ein ghetto der det både heldt avstand frå det borgarlege samfunnet, men og i liten grad utfordra eller påverka det. Dette er blitt kalla ein "negativ integrasjon" eller ein "revolusjonær ventepolitikk". Det franske partiet var meir ope i sin funksjon i samfunnet, også meir ope for såkalla "ministersosialisme", det vil seie å delta i regjeringssamarbeid med ikkje-sosialistiske parti.

Også det austerrikske sosialdemokratiske arbeidarpartiet og det belgiske sosialistpartiet var viktige parti i den Andre Internasjonalen, mens til dømes det britiske arbeidarpartiet og det russiske sosialdemokratiske partiet av ulike grunnar hadde mindre innverknad.

Det norske Arbeidarpartiet var også medlemsparti i Andre Internasjonalen.

Kongressane[endre | endre wikiteksten]

Høgste organet i Andre Internasjonalen var kongressane. Kongressane blei haldne i Paris i 1889, Brüssel i 1891, Zürich i 1893, London i 1896, Paris i 1900, Amsterdam i 1904, Stuttgart i 1907, København i 1910 og Basel i 1912.

Oppløysing og framhald[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen gjekk i oppløysing etter at første verdskrigen braut ut i 1914. Dei fleste medlemspartia i dei krigførande landa makta ikkje å stå imot presset frå styresmakter og ein til å begynne med krigsvennleg opinion, og støtta sine eigne lands regjeringar. Viktige unnatak var det italienske sosialistpartiet og det russiske sosialdemokratiske partiet. Noreg var nøytralt, så Arbeidarpartiet her i landet blei ikkje sett på denne prøva.

Andre Internasjonalen gjenoppstod etter visse vanskar i 1923, under namnet Sosialistiske Arbeidar-Internasjonalen (SAI), og etter andre verdskrigen som den noverande Sosialistiske Internasjonalen (SI). Det norske Arbeidarpartiet blei ikkje medlem i SAI før i 1938, men har vore medlem i SI sidan starten.