Jens Erik Fenstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jens Erik Fenstad (fødd 15. april 1935 i Trondheim) er ein norsk matematikar. Han vart mag. scient. i 1959 og vart utnemnt til professor i matematisk logikk ved Universitetet i Oslo i 1968. Fenstad var prorektor ved universitetet frå 1989 til 1992.

Kongen utnemnde i 2011 Fenstad til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for innsatsen hans for norsk forsking.[1]

Han var formann i Norsk Matematisk Forening og redaktør av Nordisk Matematisk Tidsskrift frå 1967 til 1972. Han har mellom anna gjeven ut Th. Skolem: Selected Works in Logic og fleire avhandlingar i logikk, matematikk og lingvistikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Utnevnelser til St. Olavs Orden», kongehuset.no, 15. september 2011. Besøkt 15. september 2011.