Jisr al-Shughur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jisr ash-Shugur
جسر الشغور, Jisr al-Shughour
by
Tildekt marknad i gamlebyen i Jisr ash-Shugur
Land  Syria
Guvernement Idlib guvernement
Distrikt Jisr ash-Shugur-distriktet
Høgd 170 moh.
Koordinatar 35°48′N 36°19′E / 35.800°N 36.317°E / 35.800; 36.317
Folketal 44 322  (2010)
Kart
Jisr al-Shughur
35°48′45″N 36°19′03″E / 35.812585337341°N 36.317605276749°E / 35.812585337341; 36.317605276749
Wikimedia Commons: Jisr ash-Shugur

Jisr ash-Shugur, òg skrive Jisr al-Shughour (arabisk جسر الشغور) er ein by i Idlib guvernement nordvest i Syria. Han ligg 170 meter over havet ved elva Orontes. Byen hadde 44 322 innbyggjarar i 2010.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jisr ash-Shugur har lenge vore ein viktig stoppestad langs handelsruter og ligg langs hovudvegen mellom Latakia, 75 km mot vest og Aleppo 104 km mot aust. Han ligg på den rike elvesletta i Ghabdalen på austsida av An-Nusayriyahfjella (òg kalla Jebel Ansariye), og området har vore kontinuerleg busett i over 10 000 years. Den antikke byen Qarqar trur ein låg kring 7 km sør for den moderne byen,[2] som vart grunnlagd i hellenstisk tid som byen Selevkia ad Belum. Romarane kalla han Niaccuba og bygde ei steinbru der over Orontes.[3]

Det er lite att etter et den antikke byen anna enn delar av den mykje ombygde romarbrua, som no er ein del av eit bygg mamelukkane bygde på 1400-talet og som framleis er ein av to hovudbruer over elva i byen. Sjølv om Jisr ash-Shugur hovudsakleg består av moderne bygg, ligg fleire gamle osmanske bygg her, inkludert ein karavanserai bygd i gamlebyen mellom 1660 og 1675 og restaurert i 1826-27.[3][4]

Byen er blitt skildra som konservativ og hovudsakleg sunnimuslimsk og har fleire gonger gjennom historia gjort opprør mot styret til dei verdsleg arabiske Baath-partiet.[5] Han var åstad for ein massakre av syriske tryggingsstyrkar i 1980, som skjedde før den meir kjende Hama-massakren. Den 9. mars 1980 var det demonstrasjonar mot regjeringa over heile Syria og innbyggjarane i Jisr ash-Shugur marsjerte mot hovudkvarteret til det lokale Ba'ath-partiet og sette det i brann. Politiet klarte ikkje å halde orden og flykta. Somme demonstrantar tok våpen og ammunisjon frå ein nærliggande forlegning. Seinare på dagen vart spesialstyrkar frå den syriske hæren vart flydd i helikopter frå Aleppo for å få kontroll att, noko dei gjorde med å bombe byen med rakettar og bombekastarar. Heimar og butikkar vart øydelagde og dusinvis av menneske vart drepne og skadde. Minst to hundre menneske vart arresterte. Dagen etter gav ein militær domstol ordre om å avrette meir enn hundre av dei arresterte. I alt skal kring 150-200 menneske ha mista livet.[6]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Det braut ut kampar igjen i Jisr ash-Shugur den 6. juni 2011, tre månader inn i den syriske borgarkrigen. I følgje syrisk statleg TV skal væpna gjengar ha angripe lokale tryggingsstyrkar, og drepe 120 av dei og tatt kontroll over byen. Mange sivile flykta til Latakia. Somme lokale vitne nekta for at det var slik det gjekk føre seg og hevda at dei døde var avhopparar som vart drepne av sine eigne.[7] Mange innbyggjarar flykta frå byen og inn i Tyrkiaden syriske hæren samla seg utanfor byen for å ta attende kontrollen.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Syria: largest cities and towns and statistics of their folketal». World Gazetteer. Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 15. juni 2014. 
  2. Yamada, Shigeo (2000). The construction of the Assyrian empire: a historical study of the inscriptions of Shalmanesar III relating to his campaigns in the West. Culture and history of the ancient The Near East 3. BRILL. s. 155. ISBN 978-90-04-11772-3. 
  3. 3,0 3,1 Burns, Ross (1999). Monuments of Syria: an historical guide. I.B. Tauris. s. 139. ISBN 978-1-86064-244-9. 
  4. Mannheim, Ivan (2001). Syria & Libanon handbook: the travel guide. Footprint Travel Guides. s. 366. ISBN 978-1-900949-90-3. 
  5. Has Syria's peaceful uprising turned into an insurrection?, By Nicholas Blanford, / csmonitor.com June 9, 2011
  6. Human rights in Syria. Human Rights Watch. 1990. s. 16–17. ISBN 0-929692-69-1. 
  7. «Syria town of Jisr al-Shughour braces for army assault». BBC News. 15. juni 2014. Henta 15. juni 2014. 
  8. Chulov, Martin; Hassan, Nidaa (15. juni 2014). «Syrian town empties as government tanks mass outside». The Guardian. Henta 15. juni 2014.