Jizerafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frýdlantské cimbuří, ein granittformasjon over Bílý Potok

Jizerafjella (tsjekkisk Jizerské hory; tysk Isergebirge; polsk Góry Izerskie, òg kalla Izerafjella) er ein del av dei vestlege Sudetane på grensa mellom Tsjekkia og Polen. Den største delen av fjellkjeda er danna av granitt, og enkelte område av basalt. Fjella har fått namnet sitt frå elva Jizera, som har sitt utspring ved den sørlege fjellsida av Smrk.

Den høgaste toppen er Wysoka Kopa (1 127 m) i Polen. Andre fjelltoppar er Smrk (1 124 m), med eit utkikkstårn, Jizera (1 122 m) og Stóg Izerski (1 107 m).

Områda her kan få svært mykje nedbør. 30. juli 1897 målte vêrstasjonen Nová Louka heile 345,1 mm på eit døger, noko som framleis er rekord i Europa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hala Izerska

Dei første busetnadane i området går tilbake til førhistorisk tid. Seinare slo keltiske og germanske stammer, og sorbarar seg ned i dalane. På 1300-talet kom tysktalande kolonistar til området, og byrja å hogge ned urskogen. Permanente busetnadar vart oppretta, og på 1500-talet vart det grunnlagd fleire glasverk her. Glasproduksjonen hadde stor effekt på økosystemet, og urskogen vart gradvis erstatta av rasktveksande gran. Andre viktige industriar var tinngruver, metallurgi og tekstil.

På andre halvdel av 1900-talet vart økosystemet kraftig råka av utslepp frå kraftverk i Zittau-området som brende brunkol. Granskogen vart kraftig redusert, men forholda betra seg etter kommunsimens fall i 1989. Koldagbrot i det tidlegare Aust-Tyskland vart lagt ned, i tillegg til fleire store kraftverk. Reinseanlegg for utsleppa vart installert ved det enorme kraftverket Turów i Bogatynia på den polske sida av elva Lausitzer Neisse.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Jizerafjella

Jizerafjella er ein populær stad for vintersport, sykling og turar. Ved Bedřichov ligg eit skisenter. Dei internasjonale langrennsløpa Jizerská 50 og Bieg Piastów (i Polana Jakuszycka) føregår her.

Av landsbyar rundt fjella vinn ein Liberec, Frýdlant v Čechách, Nové Město pod Smrkem, Świeradów Zdrój, Szklarska Poręba, Desná, Tanvald og Jablonec nad Nisou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jizerafjella