Salomos ordtøke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Proverb scroll.PNG

Refs ikkje spottaren, for då vil han hata deg, refs heller den vise, så elskar han deg.

Ordt. 9,8[1]

Salomos ordtøke er ei bok i Det gamle testamentet. Boka samlar israelittaranes fond av folkeleg visdom. Samlinga har neppe direkte tilknyting til kong Salomo, men han må ha vore ein velyndar av slik dikting.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinne utan vit.

Ordt. 11,22[2]

Boka kan delast i fem delar:
Først ein tale som er skriven som ei formaning frå ein far til ein son. (Kap. 1-9) [1]
Så ei rad med fyndord av ymse slag. (Kap. 10-24) [2]
Så følgjer ei rad med ordtøke som skal vere etter Salomo, samla i regjeringstida til kong Hiskia. (Kap. 25-29) [3]
Til slutt følgjer ordtøka som vert tilskrivne Agur (Kap. 30) [4] og Lemuel (Kap. 31). [5] Desse to delane skil seg ut frå stilen i resten av boka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Betre er lite med rettferd enn stor vinning med urett.

Ordt. 16,8[3]

Dei to eldste delane av boka er kapittel 10-22 og 25-29. Dei må ha vorte til under det israelske kongedømet, omkring år 700 f.Kr, men sidan dette er samlingar av ordtøke som kan ha vore i bruk i lang tid, kan mange av ordtøka vere mykje eldre enn dette. Ordtøka har ei form som tyder på at dei har vore utveksla mellom intellektuelle. Dei har vore påverka av den breie visdomstradisjonen i Det nære austen. Ordtøka 22.17-23.12[6] syner direkte tilknyting til den egyptiske visdomsboka som er tilskriven Amenmope.

Ordtøka er sterkt opptatt av familieetikken, som er patriarkalsk med tydeleg påverknad av Jahve-religionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel,
det sømer seg ikkje for kongar å drikka vin
eller for fyrstar å nyta rusdrikk.
For då gløymer dei lov og vedtekt
og rengjer retten for kvar arming.

«Ord av Lemuel, konge i Massa, ord som mor hans hadde prenta inn i han» Ordt. 31,4 jf. vers 1 [4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]