Johannes Christiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johannes Christiansen (fødd 17. oktober 1850 i Askim, død 5. juli 1913) var ein underoffiser, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Askim. Han var medlem av Venstre.

Christiansen var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han i 1871 eksamen som underoffiser ved artilleriskulen. Frå 1872 var han sersjant i artilleriet, steig til kommandersersjant i 1889. Han tok over farsgarden Svae i Askim og dreiv han til 1889. Det året vart han lensmann i Skiptvet og flytta dit. Året etter, 1890, kjøpte han garden Vister der av svigerfaren og dreiv sidan denne. Han var lensmann i Skiptevt fram til 1913.

Christiansen var medlem av heradsstyret i Askim frå 1876 til -89, dei to siste åra var han ordførar. Han var formann i skulestyret i Skiptevt frå 1896 til 1897. Perioden 1900-03 var han 1. representant frå Smaalenenes amtStortinget. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]