John Arundel Barnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

John Arundel Barnes (9. september 191813. september 2010) var ein australsk og britisk sosialantropolog.

Han var frå 1969 professor i sosiologi ved Universitetet i Cambridge. Han hadde tidlegare hatt universitetsstillingar i sosialantropologi i Sydney og Canberra i Australia, og hadde i 1965-66 vore knytt til Universitetet i Cambridge. Han pensjonerte seg frå professorstillinga i Cambridge i 1982, for å halde fram med forsking i Australia og Storbritannia.

Sosialt nettverk[endre | endre wikiteksten]

John Arundel Barnes er mellom anna kjend for å vere den første som brukte omgrepet sosialt nettverk i ein vitskapleg samanheng. Dette var i 1954, i artikkelen «Class and Committees in a Norwegian Island Parish». Her presenterte han resultatet av nær to års feltarbeid på BremnesBømlo.

Barnes høyrde til Manchester-skulen av antropologar, og var student av Max Gluckman. Desse la vekt på å studera personlege relasjonar og sjå korleis desse var med på å bestemma korleis folk handla.

Under feltarbeidet på Bremnes fann han ut at kvar person var medlem i ulike sosiale felt. Desse var delte opp i territorium, uformelle nettverk, industri og fiske. Nokre gonger bestemte medlemskap i sosiale felt kva ein skulle gjera. Når folk møttest i bedehuset sat ein etter kvar ein kom frå, i bryllup sat ein med familien eller naboar. Ein regel var at folk berre hadde personlege kontaktar med andre på same sosiale nivå. Barnes spådde at desse skilnadene ville auka etterkvart som fleire tok høgare utdanning.

John Arundel Barnes hadde også sosialantropologiske studiar på Ny-Guinea og andre stader, og interesserte seg for og skreiv om emne innan sosiologi, samfunnsvitskap og anna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]