Sosialantropologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sosialantropologi (frå latin societas, «samfunn», og frå gresk anthropos, «menneske» og logos, «fornuft») er eit fag innan samfunnsvitskapen som studerer dei sosiale og kulturelle sidene ved menneskelege samfunn. Sentralt i antropologien står omgrepa samfunn, kultur og symbol. Til skilnad frå til dømes sosiologi baserer faget seg i stor grad på kvalitativ metode, deltakande observasjon og emisk perspektiv.

Opphavet til antropologien[endre | endre wikiteksten]

Mange vil meine at allereie dei gamle grekarane dreiv med antropologisk forsking. Herodot (om lag 484-420 f.Kr) skreiv ned detaljerte skildringar av framande folkeslag. I takt med opplysningstida voks nye fag fram, som historie, filologi og sosiologi, fag som antropologien kan seiast å vere ein del av.

Den moderne antropologien som fag oppstod i midten av det nittande hundreåret. Saman med utbreiinga av dei store vestlege imperia og koloniar i Afrika og Asia, vart det interessant med detaljerte skildringar av den innfødde folkesetnaden på same måte som ein studerte flora og fauna. I USA var situasjonen ein annan, ein ynskte å skildre restane av den indianarkulturen ein berre tiår tidlegare var i ferd med å øydeleggje. Lewis Henry Morgan si Ancient society og Henry Maine si Ancient Law blir rekna med til dei første avhandlingane innan faget. Begge forfattarane utvikla teoriar om primitive samfunn, og skapte dermed skiljet mellom tradisjonelle og moderne samfunn. Morgan meiner at ein i utviklinga av samfunn kan sjå ein sosial evolusjon. Med dette meiner han at alle samfunn gjennomgår ulike stadium i utviklinga si, frå den ville tilstanden, via barbariet til sivilisasjon. Sett i eit slikt ljos, ville ikkje-vestlege samfunn vere levande fossil, modellar ein kunne studere for å forstå eiga fortid. Morgan var viktig for Friderich Engels. Evolusjonistiske teoriar var utbreidde på 1800-talet, og den kanskje mest kjende er Karl Marx sin teori om samfunnsmessig utvikling gjennom klassekamp. Dessutan hadde Charles Darwin stor innverknad med den biologiske utviklingsteorien sin.

Den moderne antropologien[endre | endre wikiteksten]

Franz Boas hadde stor innverknad mot slutten av 1800-talet, særleg teorien om kulturrelativisme blir rekna som sentral. Denne teorien går ut på at kulturar og samfunn berre kan forståast utifrå sin eigen logikk, og at dei difor ikkje kan studerast evolusjonistisk. Dessutan hevdar han at kvart einskilt samfunn har si eiga historie og at det ikkje finst utviklingsfasar.

Bronislaw Malinowski (1884-1942) blir gjerne rekna som den som introduserte feltarbeidet i antropologien. Malinowski meinte at for å forstå den indre samanhengen mellom dei ulike delane av samfunnet, måtte ein lære seg det lokale språket og observere korleis folk levde over fleire månader. Malinowski si tilnærming vart seinare karakterisert som funksjonalistisk. Med dette er meint at eit aspekt ved samfunnet, til dømes religion, må sjåast i samanheng med den funksjonen det har i samspel med dei andre sidene ved samfunnet, som økonomi og politikk. Malinowski vektla slik sett holisme, eit perspektiv som stod sterkt i faget ei tid, men no berre er av faghistorisk interesse.

A.R. Radcliffe-Brown (1881-1955) blir rekna som den som utvikla strukturfunksjonalismen, eit perspektiv som går ut på at ein trur eit aspekt ved samfunnet, til dømes religion, kan forklarast ved rolla det har i å skape stabilitet og integrasjon i samfunnet som heilskap.

Claude Lévi-Strauss utvikla teorien om strukturalismen innanfor antropologien. Denne teorien tek utgangspunkt i trua på at det menneskelege medvitet organiserer røyndomen ut frå kontrastar som han kalla binære opposisjonar. Han meiner dette er felles for alle menneske, men at organisasjonen av samfunnet er ulik utifrå kva for teknologiske føresetnader ein har.

Etter den andre verdskrigen, og fram til midten av 1980-talet, utvikla antropologien seg i ein meir naturvitskapleg retning. Prosessorienterte studium vart utvikla av Fredrik Barth og Clifford Geertz, som prøvde å finne prosessar for korleis nyleg uavhengige statar kunne utviklast. Økologi vart eit sentralt tema, og Julian Steward undersøkte korleis samfunn tilpassa seg lokale økologiske føresetnader. Økonomisk antropologi vart videreutvikla av Karl Polanyi og Marshall Sahlins, som fokuserte på korleis økonomisk vitskap ignorerte kulturelle og sosiale faktorar. Marxisme fekk auka innverknad i antropologien på 1960- og 1970-talet.

Til liks med dei andre samfunnsfaga, vart antropologien prega av dei motkulturelle straumdraga på 1960-talet, og særleg protestane i Europa og Nord-Amerika mot USA si krigføring i Vietnam. Her kan ein særleg nemne ein debatt som hadde utspring i spørsmålet om i kor stor grad ein skal ta stilling som forskar. I ein artikkel frå 1968 skildrar den amerikanske antropologen Gerald Berreman korleis den amerikanske antropologforeininga, AAA, handterte denne debatten på eit av møta sine, og kvifor han sjølv støtta dei som meinte at antropologar har ei plikt til å gripe inn mot urett [1]. Eit nærskyldt problem er det som ofte blir kalla universalisme-kulturrelativisme-debatten. Eit ekstremt kulturrelativistisk standpunkt tyder at ein trur ein kultur berre kan forståast på sine eigne premiss, medan universalisme inneber at ein trur det skal gå an å finne universelt samanliknbare storleikar i alle kulturar. Denne debatten har blussa opp dei siste åra. Det som særleg har vorte heftig debattert, er om ein skal gripe inn mot til dømes kjønnsdiskriminerande praksisar i muslimske land, eller om ein skal sjå på slike praksisar som ein naturleg del av den lokale kulturen som bør godtakast når dei kvinnene som blir ramma ser ut til å trivast under slike tilhøve.

På 1980-talet vart studiet av makt sentralt i faget, sett i ljos av tidlegare vestlege koloniforhold, såkalla postkoloniale studium. Mange slike studium har vist korleis koloniserte folk ofte har brukt metodar som liknar på maktapparatet sitt for å etablere eit viss sjølvstende, såkalla mothegemoni. Seksualitet og kjønn blir stadig studert meir inngåande. Dei seinaste åra har mykje av fokus vore retta mot emne som globalisering, bioteknologi og urfolksrettar.

Utviklinga av sosialantropologien i Noreg har i stor grad vore dominert av ein ruvande person, nemleg Fredrik Barth. I og med den internasjonalt sterke posisjonen hans og at han sjølv bygde opp fagmiljøet i Noreg, har innverknaden til Barth vore nærast einerådande i mange år. Også fagdebatten i etterkant har vore prega av at alle måtte ta stilling til Barth.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Berreman, Gerald D., 1968, Is Anthropology Alive? Social Responsibility in Social Anthropology, Current Anthropology, Vol. 9, No. 5

Antropologiske omgrep[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]