John Keble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Keble.

John Keble (25. april 179229. mars 1866) var ein engelsk prest og forfattar av andelege dikt. Preika National Apostasy som han heldt i 1833 blir rekna på starten på Oxfordrørsla, der han var ein av dei leiande figurane.

Keble studerte i Oxford og fekk seinare stilling som Fellow ved Oriel College, University of Oxford. I 1816 blei han vigd til prest og i perioden 1831–1841 var han Oxford Professor of Poetry. Grunnlaget for tilsettinga var i hovudsak basert på diktsamlinga The Christian Year (1827, «Det kristne året») som gjorde Keble vidkjend. Boka, som inneheld eit dikt for kvar søn- og heilagdag i kyrkjeåret, var ein av dei store klassikerane på 1800-talet og kom i meir enn hundre opplag. I 1836 blei Keble sokneprest i Hursley, Winchester, der han var livet ut.

John Keble døydde under eit rekonvalesensopphald i Bournemouth. Han hadde lenge vore sjuk og trudde at sjølufta hadde terapeutisk verknad på han. Han er gravlagd i All Saints churchyard i Hursley.

Eksempel på dikta hans er New Every Morning Is Thy Love («Ny kvar morgon er kjærleiken din») og Sun of My Soul («Sola til mi sjel»).

Keble College i Oxford er oppkalla etter han.

Verk[endre | endre wikiteksten]

John Keble
  • Christian Year 1827
  • Lyra Apostolica 1836
  • Lyra Innocentium 1846
  • Letters of Spiritual Counsel and Guidance 1870

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Richard Hooker sine verk (Richard Hooker's works) - 1836
  • Biskop Wilson sitt liv (A life of Bishop Wilson) - 1863
  • Oxford psalteret (The Oxford Psalter) (1839)
  • Lyra Innocentium: Tankar i barnvers (Lyra Innocentium: Thoughts in Verse on Children) - 1846

Externe lenker[endre | endre wikiteksten]